Kýthnos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kýthnos
Lokalt namn: Κύθνος
Landsbyen Dryopída på Kýthnos
Landsbyen Dryopída på Kýthnos
Geografi
2011 Dimos Kythnou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°23′N 24°25′EKoordinatar: 37°23′N 24°25′E
Øygruppe Kykladane
Areal 100,3 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kéa-Kýthnos
Største busetnad Kýthnos (561 innb.)
Demografi
Folketal 1 456 (2011)
Folketettleik 14,5 /km²

Kýthnos (gresk Κύθνος) eller Kithnos er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg vest i Kykladane mellom Kéa og Sérifos, om lag 100 km frå Pireus. Kýthnos har eit areal på 99 km² og ei kystlinje på om lag 100 km. Ho har meir enn 70 strender, og fleire av dei er ikkje mogeleg å nå via veg.

Kýthnos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kéa-Kýthnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Øya har to større landsbyar, Mesariá eller Kýthnos by (561 innbyggjarar i 2011), lokalt kalla Khóra, og Dryopída (325 innbyggjarar), óg kalla Khorió. Begge landsbyane er kjend for dei vindfulle og ofte trinnvise gatene som er for smale for køyretøy. Landsbyane er biletskjønne, men med forskjellig arkitektonisk stil. Mesariá har bygningar med flate tak, som er typisk for Kykladane, medan Dryopída har bygningar med skråtak Mesariá er óg kjend for den store gresk-ortdokse kyrkja. Mérikhas (369 innbyggjarar) er hamna på Kýthnos og har eit folketal som varierer kraftig gjennom året. På 1970-talet vart det nesten ingen innbyggjarar her året rundt, men dette har auka dei siste åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kýthnos er den øya i Kykladane ein veit om som har vore busett lengst. Ein mesolittisk busetnad (10000 fvt. - 8000 fvt.) er funne på nordaustkysten. Utgravingar i 1996 fann intakte skjelett av menneske i tillegg til steinreiskapar. Ein har óg funne spor frå seinare tid som tyder på at råmaterial for metallurgi vart grave ut på øya og frakta til andre øyar i bronsealderen.

Dei tidlegaste kjende øybuarane på øya var karianarar, som etter kvart slo seg ned i Lilleasia då andre folkegrupper dreiv dei bort. I 2002 vart det funne eit urørt indre kammer i eit tempel ved ein hellenistisk stad kalla Vryokastro. Her fann ein over 1 400 lekamar, inkludert juvelar og lekamar av gull, sølv og bronse, terrakottastatuettar og måla vasar. Arkeologar reknar med at tempelet er frå 700-talet fvt. og var tileigna anten Hera eller Afrodite. Lekamane er stort sett frå 600- til 400-talet fvt.

Gjennom romartida og austromartida var truleg staden Kástro, heilt nord på øya, hovudbyen. Denne staden virkar uinntakeleg sidan han ligg på eit platå med 100 meter høge stup på tre sider og ein smal sti på den fjerde sida, som var stengd av ein tjukk, høg mur. Ein har funne spor som tyder at byen vart øydelagd og bygd opp att fleire gonger.

I 1207 kom Kýthnos under styret til den frankiske overherren Marco Sanudo, og vart verande ein del av Venezia i 400 år. I denne perioden vart øya kalla Thermia, eit namn ho fekk på grunn av dei varme kjeldene på nordaustsida av øya ved landsbyen Loutra (som tyder «bad» på gresk). Desse kurbada var kjend sidan romartida og var ein fasjonabel kur- og feriestad.

Etter ei omleiring i 1617, der tyrkarane gjekk sigrande ut, vart øya ein del av Det osmanske riket. Hovudbyen Kástro vart forlaten og den nye hovudbyen vart Mesariá lenger inne i landet. Kýthnos fekk fleire privilegium av tyrkarane, som religionsfridom, men var ein fattig stad med få innbyggjarar. Ho vart stadig plyndra av sjørøvarar og vart ofte råka av epidemiar. Dei fleste innbyggjarane bukka under for ein pest i 1823. Ho var likevel ein av dei første øyane som gjorde opprør mot tyrkarane og vart ein del av Hellas. Under regjeringstida til den første greske kongen, Otto, var Kýthnos ein stad der politiske fangar vart halde i eksil. I 1862 prøvde opprørarar frå Sýros å sette fangane fri, men utan hell.

Kýthnos i dag[endre | endre wikiteksten]

Typisk landsbygate på Kýthnos.

Folk på Kýthnos levde stort sett av sauehald eller fiske på fram til 1800-talet. Nær hundreårsskiftet til 1900-talet vart det oppdaga jernmalm på øya, og øybuarane byrja å arbeide i gruvene der, noko som førte til betre økonomi. Gruvene var derimot stort sett tomme under den andre verdskrigen, og fråflyttinga frå øya tok til.

Sidan Kýthnos ikkje har ei djupvasshamn for ferjer og passasjerbåtar hoppa den greske turisteksplosjonen på midten av 1900-talet stort sett over Kýthnos. Bygginga av ein ny molo i 1974 betra derimot tilhøva, og i dag er øya ein moderne og velståande stad der turisme er hovudnæringa. Øya er i dag i frontlinja for alternativ energi og i 1983 vart den første vindmølleparken i Hellas opna. Hus som ikkje er knytt til elektrisitet nettverket nytta fotoelektriske system, og nesten alle hus nyttar soloppvarma varmtvatn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kythnos frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Bent, James Theodore, «The Cyclades: Life Among the Insular Greeks,» 1885
  • Herodotus, «The History,» trans. by David Greene, Chicago: University of Chicago Press,1988
  • Smith, William, ed., «Dictionary of Greek and Roman Geography,» 1854.
  • Vallinda, Antoniou, «History of the Island of Kythnos,» monograph (in Greek), 1896


Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi