Kīlauea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kīlauea

Kīlauea er ein vulkanøya Hawaii og ein av fem skjoldvulkanar som saman dannar øya Hawaii. Kīlauea betyr «å spy» eller «mykje spreiiing» på hawaiisk og viser til dei stadige utbrota med påfylgjande lavastraumar. Puʻu ʻŌʻō-kjegla har hatt samanhangande utbrot på den austlege sprekksona sidan 1983 og er såleis det varigaste sprekksoneutbrotet dei siste 200 åra. Sidan 1952 er det registrert 35 utbrot. 90 % av Kīlauea er dekt av lava som er mindre enn 1 000 år gamal.[1]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oracle ThinkQuest Library (2000). «Anger of Pele: Interesting Volcano Facts» (på engelsk). Natural Disasters of Hawaii. Oracle ThinkQuest. http://library.thinkquest.org/J003007/Disasters2/volcano/interesting/interesting.htm. Henta 2012-03-07.  Bibliografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]