Kızılırmak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kızılırmak
elv
Kızılırmak i İskilip (Taybi Ovası)
Land  Tyrkia
Lengd 1 350 km
Kjelde Aust-Anatolia
 - høgd 2 000 moh.
 - koordinatar 39°48′N 38°18′E / 39.8°N 38.3°E / 39.8; 38.3
Munning Svartehavet
 - koordinatar 41°43′N 35°57′E / 41.72°N 35.95°E / 41.72; 35.95
Kart
Kızılırmak
39°51′12″N 38°24′27″E / 39.853277777778°N 38.407388888889°E / 39.853277777778; 38.407388888889
Wikimedia Commons: Kızılırmak River

Kızılırmak (tyrkisk Kızılırmak, Raudelva), òg kalla Halys (gammalgresk Ἅλυς), er den lengste elva i Tyrkia av elvane som berre renn innfor dei tyrkiske landegrensene. Elva er utbygd for vasskraft og vert ikkje nytta til skipsfart.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Anatolia som syner Kızılırmak og sideelvane hennar.

Kızılırmak har ei lengd på 1150 kilometer. Ho spring ut i Aust-Anatolia og renn først vestover og sørvestover, før ho dannar ein vid boge, Halyssvingen, der ho snur nordvestover. Ho renn her nordaust for Tuzsjøen, så mot nord og nordaust, der ho mottar den store sideelva si Delice Irmağı (i antikken kalla Kappadox). Ho svingar seg nordvestover til ho renn saman med Devrez-elva og så mot nordaust der ho mottar Gökırmak før ho munnar ut i Svartehavet. Av demningar i elva finn ein Boyabat, Altınkaya og Derbent.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hittitane kalla ho Maraššantiya. Ho dannar vestgrensa for Hatti, kjernelandet i Hittittriket. I antikken var ho grensa mellom Vesleasia og resten av Asia, samt grensa mellom Pontos og Paflagonia. Som åstad for slaget ved Halys eller solformørkingsslaget den 28. mai 585 fvt., ho var grensa mellom Lydia i vest og Mediariket i aust fram til Kroesos av Lydia kryssa ho for å angripe Kyros den store i 547 fvt. Han vart slått og Persia ekspanderte til Egearhavet.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Vatnet frå elva vert nytta til å dyrke ris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]