K-type-asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

K-type-asteroidar er heller sjeldne asteroidar med eit moderat-raudleg spektrum ved kortare bølgjelengder enn 0,75 μm og med ei blåleg trend ved lengre bølgjelengder. Dei har ein låg albedo. Spektra deira liknar på det til CV- og CO-meteorittane.

Desse asteroidane vert beskrevene som trekklause S-typar i Tholen-Klassifiseringa. K-typen vart lagt fram av J.F.Bell og hans kollegar i 1988 for lekamar som har eit spesielt grunt absorpsjonstrekk ved 1 μm og som manglar 2 μm-absorpsjonen. Desse vart funne under studia av Eos-familien. Døme på K-typar er 181 Eucharis, 221 Eos, 402 Chloë og 417 Suevia.