KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon (KA) er ein arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for verksemder med kyrkjeleg forankring. KA har som føremål å ta vare på dei felles interessene til medlemene og yte service som dei kan ha nytte av i arbeidet sitt.[1]

Medlemene i KA[endre | endre wikiteksten]

KA er ein medlemsorganisasjon. Kyrkjelege fellesråd og sokneråd har rett til medlemskap, men òg andre organ og einingar i Den norske kyrkja kan bli tatt opp som medlemer. Også andre kristne kyrkjer og verksemder med kristeleg formål kan søkje styret i KA om medlemskap. Vidare kan diakonale og pedagogiske institusjonar med kyrkjeleg forankring etter søknad blit tatt opp som medlemer.

Oppgåvene til KA[endre | endre wikiteksten]

KA hjelper medlemene sine med arbeidsgjevarspørsmål, økonomiske spørsmål, lovar og regelverk, styring og leiarutvikling, oppgåve- og ansvarsdeling, forvaltnings- og organisasjonsutvikling, verksemds- og kvalitetsutvikling, strategi- og planarbeid, opplæring og informasjon.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

KAs øvste organ er landsrådet. KA sitt styre er ansvarleg for drifta, medan ein kontrollkomité skal føre kontroll med at organisasjonen og styret følgjer lovar og reglar, samt organisasjonen sine eigne vedtekter. Organisasjonen har og ein valkomité som skal føreslå medlemmar av styre og kontrollkomité til landsrådet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vedtekter for KA, arkivert frå originalen 10. desember 2013, henta 12. juni 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]