KGB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
KGB sitt symbol

KGB, frå russisk Komitet gosudarstvennoj besopasnosti [Комитет государственной безопасности], «Komiteen for statleg sikkerheit») var etterretningstenesta og sikkerheitspolitiet i Sovjetunionen. KGB blei namnet etter Berija sitt fall i 1953. KGB blei lagt ned i 1991.

KGB blei i Russland etterfølgt av SVR, Sluzjba vnesjnej razvedki Rossii, norsk: Det russiske utanriks etterretningsvesen, som i desember 1991 blei Den russiske føderasjon si utanriksetterretningsteneste. Innanriksdelen av KGB sine oppgåver blei vidareført av FSB, Federalnaja sluzjba bezopasnosti Rossijskoj Federatsii, norsk: Det russiske føderale etterretningsvesen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå opphavet blei KGB (opphavleg Tsjekaen) sett på som det sovjetiske kommunistpartiet sitt «sverd og skjold».

KGB sin første forgjengar var Tsjekaen som blei etablert 19. desember 1917 og erstatta tsaren sitt hemmelege politi Okhrana. Tsjekaen gjekk gjennom fleire namneskifte og omorganiseringar. Det blei kalla OGPU frå 1923, NKVD frå 1934, NKGB frå 1941 og MGB frå 1946. I mars 1953 slo Lavrenti Berija saman MVD (Innanriksministeriet) og MGB til ein organisasjon; MVD. Innan eit år deretter var Berija avretta og MVD blei splitta. Det omorganiserte MVD (Innanriksminsteriet) beheldt politi- og rettshandheving, medan den nye organisasjonen, KGB, tok over ansvaret for indre og ytre sikkerheit og etterretningsfunksjonar. KGB blei underordna Ministerrådet i Sovjet. 5. juli 1978 blei KGB døypt om til «Sovjetunionens KGB», og formannen fekk sete i ministerrådet.

KGB blei oppløyst etter at den dåverande sjefen, Generaloberst Vladimir Krusjkov, brukte KGB sine resurssar til å støtte kuppforsøket mot Mikhail Gorbatsjov i august 1991. 23. august 1991 blei Krusjkov arrestert og General Vadim Bakatin blei utnemnd til KGB sin formann med mandat til å oppløyse Sovjetunionens KGB. 6. november 1991 opphøyrde KGB offisielt å eksistere. Organisasjonen blei delt i to; FSB fekk ansvaret for indre sikkerheit og SVR for etterretning i utlandet. Federalnaya Sluzhba Bezopasnosti, FSB, er i sine funksjonar i dag svært likt det sovjetiske KGB.

Etteretning utanlands[endre | endre wikiteksten]

KGB oppnådde lenge betydelege resultat i etteretning overfor andre land. Land som USA og Storbritannia tok ikkje sikkerheita alvorleg nok. Dette gav KGB høve til å trenge inn i deire etterretningstenester med ideologisk motiverte agentar som for eksempel «Cambridge Five» i Storbritannia. KGB-agentar gav Sovjetunionen detaljert kunnskap om blant anna bygginga av USA si første atombombe - Manhattan-prosjektet. Dette skjedde på grunn av velplasserte agentar som Klaus Fuchs og Theodore Hall.

KGB sitt utanlandske etterretningsarbeid omfatta også spionasje for å sikre Sovjet vestleg vitskap og teknologi. Eit eksempel er den tekniske informasjonen om Concorde-flyet, som Sovjet brukte for å bygge sitt eige overlydsfly Tupolev Tu-155.

Etter kvart KGP på fleire vanskar, som eksempel at Elizabeth Bentley i USA og Oleg Gordievsky i Storbritannia hoppa av. Dessuten blei det vanskelegare og vanskelegare å rekruttere vestlege agentar på ideologisk grunnlag, særleg etter opprøret i Ungarn i 1956 og den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968.

Undertrykking innanlands og terror[endre | endre wikiteksten]

KGB spelte ei betydeleg rolle i å oppretthalde den sovjetiske eittpartistaten, ved forfølging av politiske dissidentar og trakassering av systemkritikarar som Aleksandr Solzjenitsyn og Andrei Sakharov.

NKVD, Narodnyj Komissariat Vnutrennikh Del, russisk: НКВД, Народный комиссариат внутренних дел; Folkekommissariatet for innanrikssaker, var namnet på KGB sin forgjengar, Sovjetunionen si sikkerheitsteneste og hemmelege politi, frå 1934 til 1946.

I Stalin-perioden utførte NKVD deportasjonar og massemord. Mellom anna utførte dei i 1940 Katyn-massakren, der dei tok livet av mellom 10 000 og 20 000 polske offiserar og intellektuelle [1]. NKVD var også ansvarleg for Gulagsystemet, eit nettverk av konsentrasjonsleirar/slavearbeidsleirar. NKVD forfølgde også dissidentar i utlandet, og stod bak mordet på Lev Trotskij i Mexico i 1940.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne politikkartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.