KNM «Hitra»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KNM «Hitra» i hamna i ScallowayShetland, 20. juni 2003
KNM «Hitra» vitjar Karljohansvern i Horten, 2014.
Foto: Tore Sætre

KNM «Hitra», Ex USN SC-718, er eitt av tre fartøy Den Kongelege Norske Marine fekk av USA i 1943. Dei var opphavleg konstruerte som kystubåtjagarar, og det vart konstruert over 900 båtar av denne typen. Det var etter kvart fleire land som mottok slike fartøy. Noreg nytta dei i organisasjonen Shetlandsbussen. Det var den norske spesialavdelinga Shetlandsgjengen som stod bak den illegale trafikken mellom Vestlandet og Shetland.

KNM «Hitra» er den einaste av alle fartøya i sitt slag som finst i opphavleg versjon og det einaste gjenlevande fartøyet som vart nytta av Den Kongelege Norske Marinen under andre verdskrigen. Skipet høyrer til formelt Marinemuseet, men er stasjonert på Haakonsvern Orlogsstasjon i Bergen. KNM «Hitra» er i dag eit museumsfartøy og seglar langs kysten av Noreg i sommarmånadane.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Dimensjonar: 111 fot 6 3/4 tommar x 18 fot 8 tommar x 6 fot.
  • Deplasement (vekt): 125 tonn (daudvekt)
  • Byggjematerial: Pitchpine (kanadisk furu) på eikespant.
  • Maskineri:
    • Til 1999: 2 stk. 16 sylindra diesel stjernemotorar på 1250 hk med vertikalståande veivaksel, type GM Detroit.
    • Frå 1999: 2 stk. MTU 8V 183 TE 72 kvar på 550 hk
  • Fart: Maksimum 22 knop (i dag går skipet med 15 knop som maksimums- og marsjfart).
  • Rekkjevidd: 2500 nautiske mil med 10 knop
  • Mannskap: 23 - 25 mann (i dag 10 mann til saman)
  • Bestyrking:
    • 1 stk. 6 punder (57 mm)
    • Hotchkiss MK VII sjømålskanon.
    • 1 stk. Bofors L/60, 40 mm luftvernkanon.
    • 2 x 2 stk. 20 mm Oerlicon maskinkanoner.
    • 2 stk. 0.5’’ (12,7 mm) vasskjølte Colt mitraljøser.

Den fyrstnemnde kanonen manglar i dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]