KS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Kansas, ein delstat i USA som har forkorting KS.
KS
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971032146
Skipa1972
HovudkontorOslo
LeiarGunn Marit Helgesen
Nettstadhttp://www.ks.no Sjå dette på Wikidata
Kommunenes Hus i Vika i Oslo (i nærleiken av hovudutgangen frå Nationaltheatret jarnbanestasjon) der adminstrasjonen til KS har tilhald. Mosakkbileta på ytterveggane syner til verksemda til dei opphavlege to organisasjonane Norges Byforbund og Norges Herredsforbund. Bygningen og inngangspartiet er ombygd etter at fotografiet vart teke.

KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund) er interesseorganisasjonen for kommunesektoren i Noreg. Alle kommunar og fylkeskommunar har rett til å vere medlemar av KS. Dessutan kan verksemder som driv innanfor den offentlege sektoren eller i marknader som det offentlege har skipa, verte medlemar etter godkjenning av hovudstyret i KS. Hovudkontoret til KS ligg i Kommunenes Hus i Vika i Oslo.

KS er mellom anna ein arbeidsgjevarorganisasjon som tek vare på kommunanes og fylkeskommunanes arbeidsgjevarinteresser under tingingar om tariffavtaler med arbeidstakarorganisasjonane for dei som er tilsette i kommunane, som til dømes arbeidstakarorganisasjonane for lærarane i den offentlege skulen. Dessutan samlar organisasjonen kommunane i saker som gjeld tilhøvet mellom kommunane og staten, og det er opprette ei ordning med faste konsultasjonar mellom KS og regjeringa på saksområde som har med kommunane å gjere.

KS har opphav i Norges Byforbund og Norges Herredsforbund, som i si tid var interesseorganisasjonane for kvar sin kategori av kommunar etter den gamle inndelinga av kommunane i Noreg i bykommunar og heradskommunar. Desse to organisasjonane vart samanslutta i 1972 og organisert som Norske Kommuners Sentralforbund. Forhandlingsorganisasjonane som tok vare på arbeidgjevarinteressene til kommunane, vart då ei avdeling i denne nye medlemsorganisasjonen for kommunane. I 1988 endra Norske Kommuners Sentralforbund namn til Kommunenes Sentralforbund, og 28. januar 2004 gjorde Landstinget i Kommunenes Sentralforbund vedtak om å korta ned namnet til berre KS, som er det offisielle namnet som no skal brukast.

KS er soleis ein medlemsorganisasjon der kommunar og fylkeskommunar er medlemar og betaler medlemskontingent etter fastsette reglar. Difor har KS ei politisk leiing, ikkje berre ei administrativ leiing. Øvste styringsorgan i KS er Landstinget, som møtast kvart fjerde år. I fireårsbolken mellom Landstingsmøta er Landsstyret det øvste organet. Landsstyret har til saman 53 representantar, som inkluderer fylkesstyrelaiarane og medlemane i Hovedstyret, og skal møtast minst to gongar i året. Dei peikar ut retninga og fastsett fireårsplanar for KS' verksemd, har til førehaving dei krava KS' skal rette til staten i samband med dei faste møta KS har med regjeringa. Dei vedtek òg årsrekneskapen og årsrapporten. Dersom der er grunn til å korrigere medlemskontingenten, kan Landsstyret gjere dette. Under landsstyret står Hovedstyret, som har 15 medlemar, ein av dei vald av Bedriftsstyret i KS. Dei møtast vanlegvis 10 gongar i året eller oftare om det er naudsynt, til dømes under tingingar om tarfiffavtaler. Dei vedtek budsjett for KS og peikar ut representantar til internasjonale organisasjonar som KS er medlem av. Dei kan skipa utval for å ta seg av einskilde saksområde eller særskilde saker, og fasette nærare føresegner for verksemda til desse utvala.

KS-konsernet[endre | endre wikiteksten]

KS driv forretningsverksemd på avgrensa felt ved eit heileigd aksjeselskap, KS-Holding AS, som har fem dotterselskap: KS Advokatene, KS Bedrift, KS-Agenda AS, KS Besøkssenter, KS-Konsulent AS, Kommuneforlaget AS, Kommunenes Hus AS og Kommunal Rapport. Styret i KS-Holding AS har den same samansettinga som hovudstyret i KS. Desse selskapa skal vere med til å styrke det spekteret av tenester som KS yter til medlemane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]