KS «Norge»
| KS «Norge» | |
|---|---|
KS «Norge» ved Skeppsbron i Stockholm, under besøket til den norske kongefamilien i september 2005. |
|
| Karriere | |
| Namn: | KS «Norge» Kongeskipet «Norge» |
| Type: | Kongeskip |
| Eigar: | Kongen av Noreg |
| Byggherre: | Camper & Nicolson |
| Sjøsett: | 11. februar 1937 |
| Heimehamn: | Oslo |
| Generelle eigenskapar | |
| Tonnasje: | 1625 tonn |
| Lengd: | 80,6 m |
| Dekkbreidde: | 11,6 m |
| Djupgang: | 4,7 m |
| Fart: | 14 knop |
| Mannskap: | 18 befal og 36 vernepliktige |
KS «Norge» eller Kongeskipet «Norge» er eit skip som er ått av kongen av Noreg. I samband med at Kong Haakon VII vart konge av Noreg i 1905, vart han lovt eit eige kongeskip. Noka slikt skip vart ikkje kjøpt, men etter den andre verdskrigen vart det organisert ei pengeinnsamling. Målet var å gje kongen eit skip som ei folkegåve. I 1947 vart den britiske motoryakten «Philante» kjøpt inn for 1,5 millionar kroner. Båten vart bygd av Camper & Nicolson i Southampton og vart sjøsett 11. februar 1937. Den var opphavleg eigd av flyprodusenten Thomas Sopwith. I den andre verdskrigen vart båten nytta av den britiske marinen til eskortefartøy over Atlanterhavet. Norsk kommando vart heist 17. mai 1948.
Kong Olav V overtok kongeskipet i 1955, og kong Harald V i 1991.
7. mars 1985 fekk kongeskipet «Norge» store brannskadar då det låg på verkstad ved Marinens Hovedværft i Horten.
No vert KS «Norge» nytta av kongefamilien til offisielle og private reiser i Noreg og i utlandet. Båten er drifta av Sjøforsvaret.
Sjå og [endre]
Kjelder [endre]
- Forsvarsnett
- Sverre Mo: Norske marinefartøy. Bodoni forlag. Bergen 2008
|
|
|
|---|---|
| «Dannebrog» · KS «Norge» |
|
|
|
|---|---|
| Offentleg eige | Slottet · Bygdøy Kongsgård · Oscarshall · Gamlehaugen · Stiftsgården · Ledaal |
| Privat eige | Skaugum · Kongsseteren · Prinsehytta · Mågerø · KS «Norge» |