KV «Ålesund»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
KV Ålesund i Bergen
Foto: Alasdair McLellan
Stemning frå Moldefjorden

KV «Ålesund» er eit skip i flåten til Sjøforsvaret. Kystvaktfartøyet KV «Ålesund» vart bygd i 1996 av Myklebust Mekaniske Verksted, same verft som bygde KV «Tromsø», og vart sett inn i operativ teneste året etter.

Fartøyet vart som det første sivile fartøyet spesialbygd til kystvaktteneste med langtidsutleige til det norske Sjøforsvaret.

KV «Ålesund» (W-312) opererer i den ytre kystvakta (YKV), og har som ansvarsområde Norsk Økonomisk Sone sør for 65 grader nord. Fartøyet er lagt inn under Kystvaktskvadron Sør, og har si hovudbase på Haakonsvern Orlogstasjon utanfor Bergen.

Skipet er bygd for å kunne handtere oppgåver som søk og redning, mindre og mellomstore slepeoppdrag, ORO og fiskerioppsyn. I tillegg deltar fartøyet på fleire øvingar saman med resten av Kysteskadren og forsvarer norske interesser i Nordsjøen.

Fartøyet er chartra frå reiarlaget Remøy Shipping i Fosnavåg i Herøy kommuneSunnmøre på eit 15-års charter med Sjøforsvaret.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Byggeår: 1996
  • Lengd: 63,00m
  • Breidde: 11,50m
  • Verft: Myklebust Mekaniske Verksted
  • Hovudmaskineri: Wärtsilä Wichmann 8V28B, 3600 hk.
  • Maksimal fart: 16 knop
  • Patruljefart: 12 knop
  • Slepekapasitet: 34,5 tonn
  • Mannskap (militært): 22 (sju offiserar, 12 meinige, tre sivile)
  • Dekksutstyr: Framo Transrec 250 (oilskimmer), oljelense, slepevinsj, ABAS dekkskran, to lettbåtar (ein SeaRider, og ein Sjøbjørn), Bofors 40mm kanon.[1]
  • Artilleri: 40mm L/70 Bofors kanon og 12,7mm mitraljøser
  • Identifikasjon: W312 (militært kallesignal) og LHXC (sivilt kallesignal).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.mil.no/sjo/kv/start/fartoyene/aalesund/ Forsvarsnett