Kaapvaalkratonet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaapvaalkratonet

Kaapvaalkratonet er eit kraton eller ei grunnfjellsplate som dekker Limpopoprovinsen lengst nord i Sør-Afrika. Kratonet er ei kontinentalplate av ein kontinental type som utgjer ein del av Kalaharikratonet, og som inneheld dei eldste kjende bergartane og mikrofossila i verda med dateringer på opptil 3,6 milliardar år. Kaapvaalkratonet har eit areal på 1,2 millionar kvadratkilometer. Det er åtskilt frå Zimbabwekratonet i nord av Limpopobeltet. I sør og vest er Kaapvaalkratonet avgrensa av proterozoiske fjellkjeder. I aust er kratonet avgrensa av vulkanske bergarter frå juratida som tilhøyrer Lebombomonoklinen. Kaapvaalkratonet består av granittiske grønsteinar og tonalittiske gneisar som er gjennomskorne av granittiske plutonar. Bergartane er malmførande og inneheld òg metall frå platinagruppa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]