Kaare Langlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaare Langlo
Fødd7. oktober 1913
Død7. oktober 1985
NasjonalitetNoreg
Yrkemeteorolog

«En bedre forståelse mellom individer og nasjoner kan kanskje oppnås hvis den baseres på en passe blanding av toleranse og felles interesse. Et eklatant eksempel på dette er det aktive og inspirerende samarbeid mellom alle land i verden på det meteorologiske område, et samarbeid som har pågått i over 100 år og som gir en troen på at en fredelig fremtid basert på internasjonalt samarbeid tross alt er mulig, og kanskje er verdens eneste håp og redning.»

Kaare Langlo

Kaare Langlo (fødd 7. oktober 1913 i Bergen, død 7. oktober 1985 i Oslo) var ein norsk meteorolog. Han var med på å byggje opp det meteorologiske fagmiljøet både i Noreg og internasjonalt, og han var visegeneralsekretær i Verdas meteorologiorganisasjon.

Langlo voks opp i Bergen og tok examen artium ved Sydneshaugens skole i 1932. Han tok cand.real. i 1941 og dr.philos. i 1953 ved Universitetet i Oslo. Han hadde eit studieopphald ved Nordlysobservatoriet frå 1940 til 1943. I 1944 var han ved Christian Michelsens Institutt og i 1945 ved Meteorological Office i London. Han var meteorolog ved Meteorologisk Institutt i Oslo 1943–1945 og avdelingssjef 1945–1952.

Han hadde leiande stillingar i sekretariatet for Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) frå 1952 til 1975. Han var viktig under oppbygginga av WMO og i opprettinga av internasjonale program som World Weather Watch og Global Atmospheric Research Programme. Frå 1970 hadde han stilling som stadfortredane generalsekretær. Frå 1976 vart han knytt til Det norske meteorologiske instituttet som spesialrådgjevar og var direktør der frå 1978 til 1983. Tida hans på instituttet bar preg av internasjonalisering, og han arbeidde sterkt for at Noreg skulle verte knytt til det europeiske vêrvarslingssenteret i Reading i Storbritannia, og sjølv om Noreg vart medlem seinare, vart ikkje dette gjennomført medan han var direktør.

Han gav ut geofysiske avhandlingar og er mest kjend for arbeidet sitt om samanhengen mellom ozonlaget og meteorologiske tilhøve.

Kaare Langlo vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1975 for sin innsats for det internasjonale meteorologiske samarbeidet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Lokale Änderungen der Struktur der Ionosphäre auf hohen Breitegraden, Geofysiske publikasjoner, bd. 13 nr. 6, 1942
  • Investigations on atmospheric ozone at Nordlysobservatoriet, Tromsø (i lag med E. Tønsberg), Geofysiske publikasjoner, bd. 13 nr. 12, 1944
  • Investigations on the Air Temperature observed in Various Types of Norwegian Thermometer Screens, Meteorologiske annaler, bd. 2 nr. 12, 1947
  • The Effects of the Solar Eclipse of July 1945 on the Air Temperature and an Examination of the Lag of a Thermometer exposed in a Screen, Meteorologiske annaler, bd. 3 nr. 3, 1949
  • On the Amount of Atmospheric Ozone and its Relation to Meteorological Conditions, doktoravhandling, Geofysiske publikasjoner, bd. 18 nr. 6, 1952

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Kaare Langlo» i Store norske leksikon, snl.no.