Kabal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabal på data

Kabal er eit kortspel for éin spelar. Å spele kabal vert oftast kalla «å leggje ein kabal». Spelet har to moglege utfall; anten vinn ein (kabalen «går opp»), eller så taper ein.

Dei fleste kabalar går opp sjeldnare enn dei ikkje gjer det. Somme kabalar er heilt tilfeldige og mekaniske, og då kan ein i prinsippet rekne ut sannsynet for at han går opp. I andre kabalar er eit godt utfall avhengig av at spelaren spelar godt. Nokre få kabalar er spel med fullstendig informasjon, som tyder at ein i prinsippet kan sjå ut frå korleis han er delt ut om det er mogleg at han går opp, og i tilfelle korleis. Likevel set minnet og tankegangen til mennesket ei grense for dette.

Ein kabal handlar ofte om å leggje ut korta i eit mønster på bordet, og sidan sortere dei «rett» etter visse reglar, til dømes frå lågaste til høgaste valør i kvar kortfarge. Somme kabalar er delte ut slik at det er umogleg å få dei til å gå opp uansett kva ein gjer. Andre kabalar igjen kan teoretisk sett gå opp uansett tangegong.

Kabal kan òg vere nemninga på ein fordekt organisasjon av konspiratorisk karakter.