Kabinpersonale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei flyvertinne frå American Overseas Airlines, om lag 1950.

Kabinpersonale er ei nemning som omfattar tre yrkesgrupper som tek seg av passasjerane sin tryggleik og trivsel om bord i passasjerfly: stuertar (steward/stewardess), flyvertar/flyvertinner og purserar. Elles arbeider dei med servering, varesal, kontroll av tryggleiksutstyr, varebehaldninga på flyet osb. Purser er ei opprykksstilling som det vert rekruttert til frå dei to andre gruppene.

Dei større flyselskapa tilbyr utdanning for kabinpersonale ved eigne kurs. For å verte oppteken krevst det ei god allmennutdanning, gode språkkunnskapar og erfaring eller utdanning frå andre serviceyrke.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]