Kabylar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kabylane (kabylsk: Iqbaylyen eller Leqbayel) er eit berbarfolk som har det tradisjonelle heimlandet sitt i høglanda Kabylia i den nordaustre delen av Algerie. Dei tel vanlegvis 4 millionar, eller 6–9 millionar dersom ein tek med dei som har busett seg andre stader enn i Kabylia.

Namnet er avleidd frå namnet på fjellregionen nord i Algerie, der dei tradisjonelt kjem frå. Opphavet er det arabiske ordet ‘qabîlah’, som tyder 'stamme', med fleirtal ‘qaba'il’.

Kabylane snakkar det tamazightiske språket kabylsk. Sidan «Berbarvåren» i 1980 har dei stått i fronten for kampen for ei offisiell anerkjenning av berbarspråket i Algerie.

Den kabylske regionen vert vanlegvis kalla Al Qabayel («stammane»), men innbyggjarane kallar han Tamurt Idurar («fjellandet») eller Tamurt Leqvayel («kabyllandet»). Han er ein del av Atlasfjella og ligg i den vestlege enden av Middelhavet.

Landbruksområdet til kabylane er det tettast busette i Algerie. Kabylane dyrkar oliven og fiken, som gjev overskot til sal, i tillegg til frukt, grønsaker og ein del kveite og bygg. Dei held også storfe, men stort sett berre for pløying. Det er lite februk fordi det er knapt med beite i området. Eigedommane deira er små (1 til 2 hektar) og jorda forholdsvis lite fruktbar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]