Kadens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kadens (av latin cadere, «falle») har to tydingar innanfor musikken: Det kan anten vere ein harmonisk formel (akkordrekke) innanfor ein komposisjon, eller eit solistisk innslag i ein komposisjon.

Kadens som slutning[endre | endre wikiteksten]

I tonal musikk vert kadensar ofte brukte for å markere avslutninga av musikalske avsnitt, gjerne ved at ein via ulike akkordar går tilbake til tonika. Dei kan òg opptre som førebuingar til modulasjonar. I klassisk satslære vert ulike kadensar skildra. Ein skil ofte mellom ein fullkomen og ein ufullkomen kadens. Den fullkomne kadensen er kjenneteikna ved at den øvste stemma (i til dømes ein firstemt korsats) har grunntonen. I motsett fall vert kadensen kalla ufullkomen.

Kadens som solistisk del i ein konsert[endre | endre wikiteksten]

Ein kadens kan òg vera ein notert eller improvisert solo som vert framført anten av ein songar eller av eit soloinstrument, der akkompagnementet har pause. Kadensen kjem gjerne på slutten av ein sats. Dette er ofte fyrste sats i kammermusikk, orkestermusikk eller andre konsertformer innanfor klassisk musikk. Denne kadensen oppstod rundt år 1700 for at solisten skulle kunne vise virituositeten i spelet sitt. Før Beethoven si tid vart kadensane berre antyda av komponistane, med ein fermate eller ordet «cadenza», slik at det var opp til musikaren å improvisere, men i seinare tid vert han oftast skriven på førehand, anten av musikaren sjølv, eller av komponisten.