Kadima
| Kadima | |
| Ideologi | Sentrumsnær liberalisme |
|---|---|
| Oppretta | 21. november 2005 |
| Farge | Blå |
| Partileiar | Ehud Olmert |
| Nettstad | www.kadimasharon.co.il |
Kadima (hebraisk קדימה, Qādīmāh, norsk språk: «Framover») er eit politisk parti i Israel, grunnlagd av Ariel Sharon den 21. november 2005. Etter at Sharon vart sjuk i januar 2006, har Ehud Olmert stått i spissen for partiet.
Innhaldsliste |
Politikk [endre]
Kadima er eit nasjonalistisk og liberalt sentrumsparti, noko til venstre i høve til Sharon sitt gamle parti, høgrealliansen Likud. Partiet stør i hovudsak opp om vegkartet for fred i Midtausten, og arbeider for prinsippet «land for fred». Partiet vil likevel ikkje at Israel skal trekkja seg ut frå heile Vestbreidda av Jordanelva, og heller ikkje Jerusalem. Partiet ser på jerusalem som Israel sin udelelege hovudstad.
Namneregistrering [endre]
Sharon vurderte først å kalla partiet sitt Ahrayut Leumit (אחריות לאומית), noko som tyder «Nasjonalt ansvar». Eit anna alternativ var HaTihkva (Von). Då partiet vart registrert den 24. november 2005 valde ein til slutt å kalla det Kadima.
Kjende medlemar [endre]
Viktige personar som gjekk over frå Likud:
- Visestatsminister Ehud Olmert
- Forsvarsminister Shaul Mofaz
- Turistminister Avraham Hirchenson
- Justisminister Tzipi Livni
- Tryggleiksminister Gideon Ezra
- Transportminister Meir Sheetrit
- Knessetrepresentant Marinah Solodkin
- Knessetrepresentant Ronni Bar-On
- Knessetrepresentant Ruhamah Avraham
- Knessetrepresentant Eli Aflalo
- Knessetrepresentant Ze'ev Boym
- Knessetrepresentant Majallie Whbee
Valresultat [endre]
I valet i mars 2006 vart Kadima Israel sitt største politiske parti, med 28 mandat i Knesset.