Kaeo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaeo er ein busetnad om lag 22 km nord for Kerikeri i Bay of Islands i regionen Northland på New Zealand. Han har fått namn etter eit særeigent skaldyr som finst i Whangaroa Harbour like ved. Byen hadde 495 innbyggjarar ved folketeljinga i 2006.
Kaeo har vore i nyhenda ettersom byen opplevde to «150-årsflaumar» med tre månadars mellomrom. Heimar og butikkar vart overfløymde, og den lokale grunnskulen fekk store skadar.