Kaesong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaesŏng
Sentrum i Kaesong
Sentrum i Kaesong
Styresmakter
Land
Region
Flag of North Korea.svg Nord-Korea
Nord-Hwanghae
Grunnlagd Om lag 700 e.Kr.
Geografi
Flatevidd
 - By

1309 km²
Koordinatar 37°58′0″N 126°33′0″EKoordinatar: 37°58′0″N 126°33′0″E
Plassering
Kaesong is located in Nord-Korea

Kaesŏng (eller Gaeseong) er den femte største byen i Nord-Korea. Han ligg i den nordkoreanske regionen Nord-Hwanghae.

Byen var tidlegare hovudstad i det koreanske riket under Goryeo. Byen ligg nær Kaesong industriregion, og delar av byen vart frådelt til denne industriregionen i 2002. Industriregionen er eit samarbeid med sørkoreanske styresmakter, og verksemder derifrå har etablert seg med produksjon i en eigen industripark i regionen. Delar av arbeidskrafta som vert nytta kjem frå byen Kaesong.

I Kaesong finst det mellom anna restar etter Manwoldaepalasset. Då Yi Songgye styrta Koryo-dynastiet i 1392 og etablerte Joseon-dynastiet, flytta han samtidig hovudstaden frå Kaesong til Hanyang (i dag Seoul). Kaesong heldt fram som ein del av provinsen Gyeonggi fram til Koreakrigen (1950–1953). I 1951 kom byen under kontroll av Nord-Korea og området rundt byen vart omorganisert til «Kaesongregionen» (Kaesŏng Chigu; 개성 지구; 開城 地區). I 1955 vart byen ein direktestyrt by (Kaesŏng Chikhalsi; 개성 직할시; 開城 直轄市). I 2002 vart Kaesong industriregion delt frå byen. I 2003 vart resten av byen lagt til regionen Nord-Hwanghae.

Byen ligg nær den demilitariserte sona som deler dei to koreanske statane. Frå slutten av den andre verdskrigen og fram til Koreakrigen var slutt, låg Kaesong sør for den 38. breiddegraden som var den fyrste delelinja mellom dei to koreanske statane etter den andre verdskrigen. Avhengig av korleis ein ser på det, er Kaesong den einaste byen av ein viss storleik som framleis er okkupert eller frigjort av Nord-Korea.

Medan byen var tidleg hovudstad i Korea, vart byen gjeven namnet Songdo. Byen er senter for ginsengproduksjonen og lettindustrien i landet.

Av utdanningsinstitusjonar finn ein Koryo Songgyungwan-universitetet, Kommunist-universitetet og ein kunstskule i byen. Kaesong historiske museum har ei rekkje gjenstandar og relikviar frå koreansk historie, inkludert Chomsongdae, Manwolpaviljongen, Kaesong Namporten, Anhwatempelet, grava til kong Wanggon og kong Kongmin.