Kafa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kafa-språket)
Gå til: navigering, søk
Kafa
(Kafi noono)
Klassifisering: Afroasiatisk
 Omotisk
  Nord
   Gonga
    Kafa–Shekkacho
Bruk
Tala i: Etiopia
Kafatalande i alt: 835 000[1]
Språkkodar
ISO 639-3: kbr
Kartet viser regionane i Etiopia, med Southern Nations, Nationalities and Peoples Regional State (SNNPR) i sørvest. I denne regionen ser vi sonen der kafa-språket blir tala, Keficho Shekicho, farga lilla.

Kafa eller kaffa er eit afroasiatisk språk som blir tala i sonen Keficho Shekicho i regionen Southern Nations, Nationalities and Peoples Regional State (SNNPR) i det sørvestlege Etiopia, i og kring byen Bonga, jf. kartet til høgre.[2] Språket har 570 000 fyrstespråkstalarar (445 018 einspråkelege) og 46 720 andrespråkstalarar.[3]

Kafa er eit omotisk språk, og høyrer til undergruppa gonga-språk av gruppa ta-ne-språk innanfor nord-omotisk.

Namnet på språket og folket[endre | endre wikiteksten]

Kafa er kjent i litteraturen som mellom anna kafa, kefa, kaffa, keffa, caffino og kaficho, men endonymet er kafí noonoó 'kafa-språket', der kafí er den avhengige forma av substantivet kafá, som er namnet på det gamle kongedømet til kafa-folket. Noonoó tyder 'språk; munn; opning'. Endonymet for ein person som høyrer til den etniske gruppa som talar kafa-språket, er kaféʃʃó (m.) / kaféʃʃé (f.) (Theil 2007).

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt blir kafaspråket delt i desse seks dialektane: Gimbo, deechi, xalloo, manjiyoo, canni og geeshi.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Theil, Rolf 2007. Kafa phonology. Journal of African Languages and Linguistics 28 (2007), 193–216.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]