Kaffikopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaffikopp.
Foto: Julius Schorzman
Espressokopp sett ovanfrå.
Foto: Fir0002

Kaffikoppen er ein kopp til å drikka kaffi frå. Det er som oftast ein kopp med éin hank slik at ein kan drikka varm kaffi utan å brenna seg. Koppen har ofte tjukke vegger, slik at han held på varmen i drikken. Kaffikoppar er gjerne laga av steintøy, men ein kan òg servera drikken i koppar av papp eller glas.

Det finst to hovudslag kaffikoppar; ein med skål og ein utan. Kaffikoppar med fat er ofte noko klokkeforma eller kan ha bein syldinderfom. Koppane er gjerne mindre og har smalare opningar enn tekoppar av same type. Dei kan vera del av eit kaffiservise, og blir brukt til fin servering, i selskap eller på etestader.

Kaffikoppar utan skål er som regel sylinderforma og større enn koppane med skål. Desse krusa («mug» på engelsk) kan brukast til alle slags drikkar, og blir kalla kaffikoppar ganske enkelt fordi ein har kaffi i dei. Slike koppar blir gjerne brukt i meir kvardagsleg samanheng, heime eller på arbeid.

Kaffikopptypar[endre | endre wikiteksten]

Ein har ulike typar kaffikoppar til ulike typar kaffi.

  • Espressokoppen er heller liten, med volum på om lag fem centiliter. Han har heise tjukke vegger, di større, di betre, og har hank.
  • Cappucinokoppen må vera låg og brei for å kunna laga cappucino, med ein tredjedel espresso, ein tredjedel mjølk og ein tredjel mjølkeskum, og for å kunna laga fine mønster i skummet.
  • Kaffiglas er glas med særs tjukke vegger, for å halde på varmen og for å ikkje sprekka av varmen. Kaffidrykker som mokkakaffi, caffe latte og Irish coffee vert tidt serverte i glas.
Kaffikopp på fat til venstre for større tekopp.
Foto: Julo
Kaffiglas med caffe latte og utsølt serviett rundt.
Foto: Maxo