Kagu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kagu

Status i verda: Trua (EN)

KaguFoto: Scott Meyer
Kagu
Foto: Scott Meyer

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Eurypygiformes
Familie: Rhynochetidae
Slekt: Rhynochetos
Art: R. jubatus
Vitskapleg namn
Rhynochetos jubatus
Verreaux & DesMurs, 1860

Kagu (fransk: cagou), Rhynochetos jubatus, er ein langbeint, blågrå fugl, endemisk til tett fjellskog i Ny-Caledonia. Dette er den einaste overlevande medlemmen av familien Rhynochetidae, men ein annan, større art i slekta, Rhynochetos orarius, har vore skildra frå holocene subfossile funn.[1] Han har nesten ikkje flygeevne, byggjer eit reir på bakken av pinnar og legg éit egg. Dei har vist seg sårbare for introduserte rovdyr, og er trua av utrydding. Leveviset åt denne arten er lite kjent fordi han er sjeldan og han lever i habitat som ikkje er lett tilgjenglege.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kagu er ein bakkelevande fugl på storleik med høns funnen i skog og buskskog i Ny-Caledonia. Til å vere ein fugl som lever på skogbotnen, har han uvanleg ljos fjørdrakt, oskegrå til kvit farge. Han har dun på kroppen som bidreg til å halde huda tørr og til varmeisolasjon i det tropiske klimaet. Han kan reise opp ein fjørtopp for å vise til andre medlemmar av arten. Han er nesten utan flygeevne, brukar vengene til oppvisingar, han har mønstre på handsvingfjørene. Han brukar dessutan vengene til å flytte seg fort gjennom skogen og til glideflukt når han må vike unna farar. Kaguen har ikkje redusert storleik på vengene som mange artar utan flygeevner, men manglande muskulatur gjer dei til dårlege flygarar.[2] Både beina og nebbet er raudfarga, auga er store og plassert slik at dei gjev godt kikkertsyn. Kikkertsyn er nyttig til å søke byttedyr blant planterestar på bakken og til å sjå under dårlege lystilhøve i skogen. Dei syner lite kjønnsdimorfisme utover ein skilnad i talet striper på handsvingfjørene.[2] Kaguar har ein eigenskap dei ikkje deler med andre fugleartar, dei har strukturar av utvekstar som dekkjer naseborane. Det er desse strukturane som gav arten slektnamnet Rhynochetos, avleidd frå det greske 'rhis' som tyder nase og 'chetos' som tyder korn. Ein annan unik eigenskap hos arten er at han berre har ein tredel av raude blodceller samanlikna med andre fuglar, men tre gonger mengda hemoglobin per raud blodcelle.[2]

Kaguar gjer ei rekkje ulike lydar, oftast i duett om morgonen, kvar duett varar i ca. 15 minutt.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Kagu er utelukkande kjøttetande, føda er ei rekkje byttedyr, av dei vektigaste er leddormar, sniglar og øgler.[2] Dei tar òg larver, kongroer, skolopendrar og insekt som grashopper, biller og andre. Storparten av dietten finn dei i planterestar på bakken, andre byttedyr tar dei i frisk vegetasjon. Nokre gonger kan kaguar jakte smådyr på grunt vatn. Jaktteknikken deira er å stå urørleg på bakken eller på ein forhøging, og sjå etter byttedyr som rører seg. Dei kan stå på ein fot og sparke med andre foten for å openberre byttedyr.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Kaguar er monogame, para held revir på rundt 100-280 mål.[3] Reiret er enkelt bygd som ein haug med lauv, men i nokre tilfelle kan egga liggje rett på bakken . Reiret er ikkje gøymt, men ligg vanlegvis ved sida av ein trestamme, stokk eller ved låg vegetasjon. Eitt grått, litt skjolda egg veg 60-75 gram. Rugeplikta blir delt mellom foreldra. Kvar fugl rugar egget i ca. 24 timar, skiftet skjer midt på dagen kvar dag. Under kvar rugeøkt ligg fuglen på egget heile tida bortsett frå tidleg på morgonen, då vil fuglen gå kort bort for å kalle på maken, og nokre gonger òg ta føde. Rugetida varer i 33-37 dagar, som er lang tid for storleiken på egget.[2] Begge hjelper i å ta vare på ungar og tidlegare avkom som kan bli verande i territoriet til foreldra i mange år etter at dei er flygedyktige.

Trugsmål og vern[endre | endre wikiteksten]

Vill kagu i Rivière Bleue nasjonalpark, ein fristad for arten
Foto: Glen Fergus

Situasjonen kring trugsmål mot arten vart første gongen tatt opp 1948.[4] Kagu er trua av innførte kattar, griser og hundar.[5] Opphavleg mangla Ny-Caledonia andre pattedyr enn flaggermus,[6] og mange øyartar har vorte negativt påverka av introdusert pattedyr. Rotter har ein stor innverknad på overlevingsraten for fugleungar, og står for 55 % av tap av kaguungar.[7] Det første konkrete provet for effekten av hundar kom då ein utvald studiepopulasjonen raskt vart utrydda av hundar i 1990-åra,[8] sjølv om mistanke om påverknaden frå hundar og andre rovdyr hadde vore gjort kjent før dette, og kontrolltiltak mot hundar hadde vorte lovfesta i einskilde område i 1980.[9] Den første nedgangen i populasjon skuldast sportsjakt, og fangst av kaguar til kjæledyr. I dag lid dei av habitattap, grunna gruvedrift og skogbruk. CITES har oppført kagu som truga art, og kagu nyt fullt vern i Ny-Caledonia. Arten har vore gjenstand for målretta verneinnsats og kagu blir sett på som særs vektig i Ny-Caledonia, bevaring av arten er rekna som vektig for økonomien til landet og for omdømmet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Balouet, J. C. and S. L. Olson. (1989). Fossil birds from Late Quaternary deposits in New Caledonia. Smithsonian Contributions to Zoology 469: 1-38
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Hunt, Gavin R. (1996): Family Rhynochetidae (Kagu). In: del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew & Sargatal, Jordi (editors): Handbook of the Birds of the World, Volume 3 (Hoatzin to Auks): 218-225, plate 20. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-20-2
  3. Salas, Michel & Letocart, Yves (1997): "Spatial Organisation and Breeding of Kagu Rhynochetos jubatus in Rivière Bleue Park, New Caledonia" Emu 97(2): 97 - 107
  4. Warner, D (1948) "The Present Status of the Kagu, Rhynochetos jubatus, on New Caledonia". The Auk 65 (2): 287-28
  5. O'Neill, Thomas (2000) "New Caledonia: Francs's Untamed Pacific Outpost" National Geographic 197(5): pp. 54-75, page 74
  6. Steadman D, (2006). Extinction and Biogeography in Tropical Pacific Birds, University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7
  7. Ekstrom, J; Jones, J; Willis, J; Tobias, J; Dutson, G & N Barré (2002) "New information on the distribution, status and conservation of terrestrial bird species in Grande Terre, New Caledonia". Emu 103(1) 29 - 35
  8. Hunt, G.R., Hay, R. & Veltman, C.J. (1996). "Multiple kagu Rhynochetos jubatus deaths caused by dog attacks at a high altitude study site on Pic Ningua, New Caledonia". Bird Conservation International 6: 295-306.
  9. Tolme, P (2003) "Gray Ghosts of the Cloud Forest National Wildlife 41 (6)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kagu