Kahramanmaraş

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°35′N 36°56′E
Kahramanmaraş
by
none  Sentrum
Sentrum
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Kahramanmaraş
koordinatar 37°35′N 36°56′E
Folketal 428 724 [1]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer 0344
Bilnummer 46
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kahramanmaraş

Kahramanmaraş, tidlegare Maraş, er ein by søraust i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Kahramanmaraş. Byen ligg på ei slette ved foten av Dibekfjella og har litt over 400 tusen innbyggjarar.

Regionen er mest kjend for produksjon av salep, eit mjøl laga av tørka orkidéar og den særeigne iskremen.

Frå Kahramanmaraş lufthamn er det flysamband til Istanbul og Ankara.

Byen er av hetittisk opphav og heitte under romarane Germanica Cæsarea.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kahramanmaraş har eit middelhavsklima. Somrane er varme og tørre med ein middeltemperatur på 35 °C og det kan verte varmare enn 40 °C. Varmerekorden er på 45,2°C den 30. juli 2007. Vintrane er kalde og fuktige med temperaturar kring 0-5 °C. Kulderekorden er på -9,6 °C frå 6. februar 1997.

Klimadata for Kahramanmaraş
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 17.4 21.8 29.2 36.0 38.0 42.0 45.2 44.4 41.3 37.2 27.2 24.0 45,2
Normal maks. temp. °C 9.1 10.9 15.7 21.1 26.7 31.9 35.6 35.9 32.4 25.8 17.2 10.9 22 77
Normal min. temp. °C 1.3 2.2 5.6 9.9 14.2 18.9 22.1 22.2 18.4 12.9 6.8 3.1 1,3
Kulderekord °C -7.8 -9.6 -7.6 -0.6 5.0 11.0 15.6 16.0 8.6 2.2 -4.4 -7.6 -9,6
Nedbør (mm) 125.4 112.3 94.8 76.1 39.3 7.4 2.5 1.5 9.3 53.1 93.5 129.2
Normal mengd regndagar 12.4 12.2 12.3 11.6 8.1 2.7 1.5 1.3 2.7 6.7 9.1 12.1 92,7
Normale månadlege solskinstimar 108.5 117.6 173.6 204 263.5 312 341 319.3 273 213.9 135 102.3 2 563,7
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Turkish Statistical Institute. «Population of Kahramanmaraş». Address Based Population Registration System Database. Arkivert frå originalen den 27 juli 2012. http://www.wefvt.itation.org/69ShCqdNF. 
  2. http://meteor.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=K.MARAS