Kahurangi National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kahurangi National Park
Plasseringa til Kahurangi National Park
Plasseringa til Kahurangi National Park
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Tasman
Oppretta 1996
Geografi
Flatevidd
 - Nasjonalpark

4520 km²
Koordinatar 41°15′0″S 172°7′0″EKoordinatar: 41°15′0″S 172°7′0″E
Næraste by: Karamea
Plassering
Kahurangi National Park is located in New Zealand

Kahurangi National Park er ein nasjonalpark nordvest på SørøyaNew Zealand. Parken vart oppretta i 1996, og har eit areal på 4 520 km². Han er den nest største av dei fjorten nasjonalparkane på New Zealand, og vart danna ut frå den tidlegare North-west Nelson Forest Park.

Kahurangi Point, som vert rekna som grensa mellom West Coast og Tasman, ligg i parken, det same gjer fottur-ruta Heaphy Track og Mount Owen.

Parken vert administrert av Miljøverndepartementet, Department of Conservation. Fotturar, rafting og grotteklatring er populære aktivitetar i parken. Etter å ha vore forbode i mange år, vart terrengsykling tillate på Heaphy Track[1] på prøvebasis for vintrane 2011, 2012 og 2013. I kor stor grad syklinga er til ulempe for fotturistane og dyrelivet, vil avgjera om forsøket vil halda fram eller ikkje.

Vernetiltak[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dei pågåande vernetiltaka til Miljøverndepartementet, er der ein privat samskipnad som tek sikte på «å gjennomføra, i samarbeid med Miljøverndepartementet, ein strategi for å ta vare på eller føra attende trua flora og fauna i nedslagsfeltet til Flora Stream i Kahurangi National Park. Dette vil gje ei rikare oppleving for alle som vitjar dette populære området, og føra til auka verdsetjing og bruk av parken»[2]. «Samskipnaden har no om lag 30 kilometer med fangstlinjer, med feller med 100 meters mellomrom. Eit utryddingsprogram for veps er også på plass. Overvaking av fuglar står òg på foreininga sitt program»[3].

Dracophyllum i Kahurangi National Park

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heaphy Track mountain bike trial. Department of Conservation Nelson/Marlborough (Desember 2010).
  2. Our Mission. Friends of Flora Inc.
  3. Tourism working with conservation. Bush & Beyond.