Kaifeng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaifeng
Jernpagoden i Kaifeng
Jernpagoden i Kaifeng
Styresmakter
Land
Provins
Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Henan
Geografi
Flatevidd
 - By

6444 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
 - Byområde

4 800 000
577 000
Koordinatar 34°47′28″N 114°20′53″EKoordinatar: 34°47′28″N 114°20′53″E
Diverse anna
Heimeside: http://www.kaifeng.gov.cn
Plassering
Kaifeng is located in Kina

Kaifeng (hanzi: 开封; pinyin: Kāifēng) er ein kinesisk storby på prefekturnivå ved elva Huang He i provinsen Henan i det sentrale Kina. Innbyggjartalet innanfor bygrensa var i 2004 på 577 000, men heile prefekturet har 4,8 millionar innbyggjarar. Byen vart tidlegare kalla Bianliang.

Kaifeng er ein handels- og industriby med mellom anna tekstil-, maskin- og kjemisk industri, sinksmelteverk. Han er ein av dei eldste i Kina, over 3000 år gammal, og vert rekna som ein av «dei seks historiske hovudstadene» i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 364 f.Kr. vart byen hovudstad i delstaten Wei, og fekk då namnet Daliang. Då Wei gjekk under, vart byen heilt forlaten. Men ein ny by, med namnet Bian (汴), vart grunnlagd i 781 under Tang-dynastiet. Denne byen vart utvida under Song-dynastiet. I den tidlege fasen til dette dynastiet (Det nordlege Song-dynastiet, 960–1127) vart Kaifeng gjord til hovudstaden i landet, og utvikla seg til å verte ein rik og livleg handelsby. Som hovudstad hadde byen ei strategisk lokalisering mellom ei rekkje navigerbare elvar og kanalar som kunne bringe fram store kornforsyningar frå område lenger sør i Kina. Bystrukturen var tilnærma kvadratisk med 6–7 kilometer lange bymurar langs kvar av dei fire sidene, og med palasskomplekset lokalisert i midten. Rundt år 1100 skal byen ha hatt 1,4 millionar innbyggjarar, medrekna forstadane utanfor bymurane og den keisarlege arméen, og han var då den største byen i verda.

I 1642 vart det laga flaum i Kaifeng med vilje, då styrkane i Ming-dynastiet opna dika i Huang He for å hindre opprøraren Li Zicheng i å rykkje fram. I 1662 byrja gjenoppbygginga, under Kangxi-keisaren si tid.

Kaifeng er kjend for å lenge ha hatt ein muslimsk minoritet, samt ein liten jødisk minoritet, som framleis har etterkomarar i byen.

I Kaifeng ligg eit av dei eldste universiteta av moderne slag i Kina, Henanuniversitetet (河南大学), som vart grunnlagt i 1912. Under kulturrevolusjonen vart den avsette presidenten i Folkerepublikken Kina, Liu Shaoqi, førd til byen, der han vart halden i arrest og døydde i 1969.

Fram til 1955 var byen hovudstad i Henan. Sjølv om Kaifeng har vorte plyndra og øydelagd ei rekkje gonger, finst det framleis mange historiske minnesmerke, mellom anna «Jernpagoden» (Tie Ta) frå 1049 og buddhistklosteret Xiang Guo frå 500-talet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

I Kaifeng stoppar toga på Longhaibana, den viktigaste jernbanelinja i aust–vest-retning i Kina, som går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom anna Xuzhou, Shangqiu, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]