Kaikoura Ranges

Koordinatar: 42°00′S 173°40′E / 42.000°S 173.667°E / -42.000; 173.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaikoura Ranges

Kaikoura Ranges er to parallelle fjellkjeder som ligg nordaust på SørøyaNew Zealand. Dei er danna langs forkastingssona på New Zealand, og kan sjåast på som den nordlegaste armen av Søralpane på Sørøya.

Fjellkjeda vart kalla «Looker-on mountains» av kaptein James Cook, men dei har fått namnet sitt etter byen Kaikoura som ligg ved den sørlege enden av den austlege kjeda, Seaward Kaikouras. Denne fjellkjeda reiser seg, og dominerer kysten like nord for byen og når det høgaste punktet sitt i det 2610 meter høge Mount Manakau.

Den lange og rette elvedalen til Clarence River skil den austlege og kystnære Seaward Kaikouras frå den vestlege, lengre og høgare Inland Kaikouras. Den sistnemnde kjeda har den høgaste toppen i kjedene, det 2880 meter høge Tapuae-o-Uenuku, omsetjinga frå maori vert det poetiske 'Fotspor til regnbogen'. Innanfor Inland Kaikouras ligg elvedalen til Awatere River, som renn parallelt med henne til Clarence.

Dei to fjellkjedene er synlege på lang fråstand, inkludert sørkysten av Nordøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


42°00′S 173°40′E / 42.000°S 173.667°E / -42.000; 173.667