Kairouan

Koordinatar: 35°40′N 10°06′E / 35.667°N 10.100°E / 35.667; 10.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

35°40′N 10°06′E / 35.667°N 10.100°E / 35.667; 10.100

Kairouan
by
Land  Tunisia
Areal 68,02 km²
Folketal 186 653 (2014)
Kart
Kairouan
35°41′00″N 10°06′00″E / 35.683333333333°N 10.1°E / 35.683333333333; 10.1
Wikimedia Commons: Kairouan
Oqba-moskéen og gravplassen i Kairouan

Kairouan (arabisk القيروان, også kjend som Kairwan, Kayrawan og al-Qayrawan) er ein by i Tunisia som ligg om lag 160 km sør for hovudstaden Tunis. Byen vert rekna med til dei heilage byane i islam, og er eit mykje besøkt pilegrimsmål for muslimar. Byen vart grunnlagt av arabarar i om lag 670, har i dag om lag 150 000 innbyggjarar, og har vore eit verdsarvområde sidan 1988. Namnet skriv seg frå det arabiske kairuwân (persisk kâravân) og tyder 'leir' eller 'kvilestad' (jf. karavanserai).

Byen vart grunnlagd av den arabiske generalen Uqba ibn Nafi som eit ledd i det veksande arabiske riket sitt forsvar mot berbarane. Sjølv om generalen fall i kamp mot berbarane femten år seinare, heldt byen fram med å vekse, og vart etter kvart kjend som «Mekka i Nord-Afrika». På 900-talet vart han hovudstad i Aghlabideriket, og var kjend for makt og rikdom.

På midten av 1000-talet kom Nord-Afrika under fatimidane sin kontroll, og byen vart invadert av beduinar og øydelagd i 1057. Under det osmanske riket vart hovudstaden flytta til Tunis på 1100-talet, men Kairouan har framleis status som heilag by og religiøst senter. Etter at franske styrkar tok kontroll over området i 1881, har det også vore tilgang til byen for ikkje-muslimar.

Byen vert i dag omtala som «byen med 50 moskéar», og mellom heilagdomane i byen kan ein nemne Stormoskéen med søyler av marmor og porfyr, og Moskéen med tre portar frå 800-talet. Byen har også spela ein viktig rolle i jødisk historie i Nord-Afrika, særleg på 800-1100-talet.

Attraksjonane i byen omfattar også den eldste minareten i verda, torget og medinaen. I tillegg er byen kjend for kunsthandverk og teppeproduksjon.

Gatescenene som skulle vere frå Kairo i Indiana Jones-filmen Raiders of the Lost Ark (Jakten på den forsvunne skatten) vart spela inn i Kairouan.

Panoramabilete av Kairouan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kairouan