Kaitangata på New Zealand

Koordinatar: 46°16′S 169°51′E / 46.267°S 169.850°E / -46.267; 169.850
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaitangata
by
Land  New Zealand
Region Otago
Distrikt Clutha District
Folketal 753 (6. mars 2018)[1]
Kart
Kaitangata på New Zealand
46°16′30″S 169°51′00″E / 46.275°S 169.85°E / -46.275; 169.85
Wikimedia Commons: Kaitangata

Kaitangata er ein by nær kysten av South Otago i regionen OtagoNew Zealand. Han ligg på den venstre breidda til elva Clutha River, ti km søraust for Balclutha. Innbyggjarane i byen kallar han rett og slett Kai.

Byen ligg nær kysten ved ei av greinene til Clutha River sitt delta. Den vesle øya Inch Clutha ligg like sørvest for byen. Nær Kaitangata, på nordsida, ligg den vesle Tuakitotosjøen, som har avløp til Clutha gjennom ei lita sideelv vest for byen.

Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i Kaitangata 810, ein oppgang på 21 sidan 2001. Innbyggjarane er for storparten av europeisk herkomst, der langt under det nasjonale gjennomsnittet av innbyggjarane er oppførte som ikkje-europearar (7,1 %)[3].

Namn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til maorinamnet til byen er usikkert. Det er rett nok namnet på ein figur i polynesisk mytologi, men kjem meir truleg frå kannibalske festar som vart haldne etter kampar mellom stammane i distriktet, mellom iwiane Kāi Tahu og Kāti Mamoe. Namnet kan lauseleg omsetjast frå māori som: «Drep ein mann og et han».

Historie og framvokster[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske historia til Kaitangata er nær knytt til utvinning av kol. Ei av dei tidlegaste større industriulukkene på New Zealand fann stad i Kaitangata-gruva i 1879, då 34 gruvearbeidarar miste livet i ein underjordisk eksplosjon.

Kolgruvene var den bærande næringa i byen sin økonomi frå 1870-åra til 1972, då den siste underjordiske statseigde kolgruva vart stengd. Fleire dagbrotgruver (både statlege og private) har halde oppe drifta fram til i dag, som til dømes Kai Point Mine. Kai Point Coal Company har drive ut kol i Kaitangata sidan 1951, og produserer kol til den lokale industrien og til oppvarming i heimar.

Kai Point dagbrotgruve.

Frå 1876 til 1970, sørgde jarnvegslinja Kaitangata Line for transporten frå gruvene. Linja var frå først av privateigd, men kom seinare i eige til det statlege gruvedepartementet. Lokomotivet som i mange år vart brukt på linja, vart donert til ei interessegruppe i Shantytown i Westland, der det no trekkjer veterantog og enno ber namneplata «Kaitangata» til ære for den tidlegare staden der det var i drift.

Dei underjordiske gruvene produserte ei blanding av stein- og brunkol av høg kvalitet, og dette vart i første rekkje nytta til drivstoff til lokomotiv på New Zealand fram til 1960-åra. Då jarnvegane gjekk over til diesellokomotiv, starta nedgangen for gruvedrifta. Dagbrotgruvene produserer brunkol, som for det meste vert brukt til hushaldsføremål. Den stadige nedgangen i hus som har kolfyrte eldstadar, saman med det miljøbaserte kravet om å skifta ut attverande eldstadar, gjer at ein må rekna med at dagane til dagbrotsgruvene også snart er talde.

Av kjende personar frå Kaitangata er All Blacks-rugbyspelaren Tony Brown.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  3. Statistics New Zealand - folketeljinga i 2001., arkivert frå originalen 6. september 2004, henta 24. november 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

46°16′S 169°51′E / 46.267°S 169.850°E / -46.267; 169.850