Kaiwaka
| Kaiwaka | ||
|---|---|---|
| Land: |
||
| Region: Northland | ||
| Folketal | (2006) | 537 |
| Distriktsstyre | Namn | Kaipara Territorial Authority |
| Regionstyre | Namn | Northland Regional Council |
| Heimeside: http://www.kaiwaka.co.nz Folketal ved folketeljinga i 2006 Kjelde: Statistics New Zealand |
||
Kaiwaka er ein busetnad i regionen Northland på New Zealand. Elva Kaiwaka River renn frå aust gjennom området og går saman med Wairau River og dannar Otamatea River som renn ut i Kaipara Harbour. Riksvegen State Highway 1 går gjennom Kaiwaka. Wellsford ligg 20 km mot sør, og Brynderwyn åtte km mot nord. Mangawhai Heads ligg 18 km mot nordaust.[1][2]
Folketalet var 537 ved folketeljinga i 2006, ein oppgang på tre frå 2001.[3]
Innhaldsliste |
Historie [endre]
I februar 1825, under Muskettkrigane, fann det stad eit større slag mellom iwiane Ngā Puhi og Ngāti Whātua ved Te Ika-a-ranga-nui nær Kaiwaka. Meir enn 170 døydde her.[4][5]
Seint i 1850-åra hadde Kaiwaka vorte eit haldels- og forretningssenter.[6] Då det gjekk attende med kauritømmeret og kauri-gumverksemdene mot slutten av hundreåret, hadde jordbruk og mjølkeproduksjon kome i gang. Meieriverksemda The Hakaru Dairy Company vart skipa i 1902.[7]
Ferdsel [endre]
Frå 1880-åra gjekk dampskip i regelmessige ruter til Kaiwaka frå Otamatea. Minnie Casey gjekk i rute kvar tysdag frå 1882. Båtrutene vart oppretthaldne godt inn i det 20. hundreåret.[8]
The Great North Road frå Auckland til Whangarei gjekk gjennom Kaiwaka, men var storparten av 1800-talet berre ein strek på kartet. Utbetringar på vegen kom i gang frå 1895, og kring 1900 hadde dei verste strekningane på vegen mellom Kaiwaka og Whangarei fått fast dekke.[9] I 1911 hadde Kaiwaka ein populasjon på 211.[10]
Jarnvegslinja North Auckland railway line nådde Kaiwaka i mars 1913, men problem med terrenget og følgjene av den første verdskrigen gjorde at ho ikkje vart forlenga særleg vidare nordover før først på 1920-talet.[11]
Jord- og oppmålingsstyresmaktene tok over store område av uproduktiv jord her og rydda denne på 1940-talet. Tidleg på 1950-talet vart områda overletne til soldatar som var vende heim frå krigen.[12]
Referansar [endre]
- ↑ Peter Dowling (redaktør) (2004) Reed New Zealand Atlas, s. kart 8 – Reed Books. ISBN 0-7900-0952-8.
- ↑ Roger Smith, GeographX (2005) The Geographic Atlas of New Zealand, s. kart 31 – Robbie Burton. ISBN 1-877333-20-4.
- ↑ Final counts – census night and census usually resident populations, and occupied dwellings - Kaipara District.
- ↑ Brian Byrne (2002) The Unknown Kaipara, s. pp 25-26 – Auckland. ISBN 0-473-08831-2.
- ↑ Russel Stone (2001) From Tamaki-Makau-Rau to Auckland, s. 100, 101 – Auckland University Press, Auckland. ISBN 1-86940-259-6.
- ↑ Wayne Ryburn (1999) Tall Spars, Steamers & Gum, s. p 23 – Kaipara Publications, Auckland. ISBN 0-473-06176-7.
- ↑ Ryburn, p 65
- ↑ Ryburn, pp 75, 79, 80-81, 176
- ↑ Ryburn, pp 16, 91
- ↑ Ryburn, p 162
- ↑ Ryburn, p 184-185
- ↑ Ryburn, p 168
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kaiwaka» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2008.