Kaj Skagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaj Skagen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. oktober 1949 (74 år)
Strandebarm kommune
Yrke skribent, lyrikar

Kaj Skagen (fødd 23. oktober 1949) er ein norsk skjønnlitterær forfattar, fagbokforfattar og samfunnsdebattant.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Skagen kom til verda i Strandebarm, voks opp i Modum og Drangedal, gjekk på realskole og gymnas i Kragerø, og vart frå 1968 elev ved Forsøksgymnaset i Oslo. Sida 1977 har han vore busett i Bergen. Foreldra var kunstmålaren og læraren Kaare Johan Skagen (1911–93) og læraren Mary Emilie Skagen. Han er bror av filmkunstnaren Sølve Skagen og pedagogen Kaare Skagen.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Skagen har publisert ein lag rad diktsamlingar, romanar og essays. Han vart kjend som skribent og aktivist allereie då han var i tjueåra. Som formann i Elevutvalget for Oslo og Omegn (EU) i 1969 vart han kjend som radikalar, men i til dømes artikkelen SUF – en ulv i fåreklær i 1969 gjorde han det klårt at han var motstandar av den norske maoismen som mange radikale slutta seg til på denne tida. I 1970 var han redaktør for Norsk Studentforum.

Skagens fyrste offentleggjorde dikt vart prenta i Nils Johan Ruds Magasinet for Alle i 1970, og han debuterte i 1971 med diktsamlinga Gatedikt. Saman med Vi som arver maskinene frå 1972 stod han med dette som ein representant for den anarkistiske og hippieorienterte motkulturen i tradisjonen etter Jens Bjørneboe som tok til å gjere seg gjeldande i den norske ålmenta på denne tida. Den fyrste essaysamlinga hans, Mellom partikontoret og supermarkedet, som kom i 1973, freista å fremje eit standpunkt mellom den fordummande konsumkulturen og den autoritære kapitalismekritikken. Romanane En elv under gaten frå 1976 og Barføtt gjennom Europa frå 1978 skildrar livet til opposisjonelle Oslo-ungdomar kring året 1970, med hovudpersonen Jonas Ødes leiting etter vennskap, kjærleik og meininga med livet som det sentrale temaet. Skagen var litteraturkritikar i Arbeiderbladet i åra 1970–75.

Med romanen Broene brenner vann Skagen i 1982 ein delt fyrstepris i forlaget Gyldendals store romankonkurranse; dei to andre vinnarane var Jon Michelet og Nils Johan Rud. Kampskriftet Bazarovs barn frå 1983 er eit et oppgjer med den tonegivande, kulturradikale og marxistisk orienteringa i delar av den norsk litteraturen i samtida. Boka skapte ein langvarig debatt og kom i seks opplag.

Skagens rolle som engasjert, ivrig og skarp samfunnsdebattant kjem til uttrykk mellom anna i artikkelen Requiem for Salmo Salar i tidsskriftet Samtiden i 1990 med kritikk av fiskeoppdrettnæringa for dei skadelege miljøkonsekvensane av denne verksemda. I boka Retten som som ingen kunne målbinde frå 1985 kritisert Skagen sterkt straffesaka og spionasjedommen over Arne Treholt. Skagen var òg ein av dei fyrste som tok til orde mot at Noreg tok del i krigen mot Serbia. Han sette òg i gang ein debatt om steinerskulane med artikkelen Slik dør Steinerskolen, prenta i tidsskriftet Steinerskolen i 2003, med påstand om at steinerpedagogikken var i ferd med å forsvinne i desse skulane. I 2009 kritiserte han Tore Rems biografi Sin egen herre om Jens Bjørneboe ved å hevde at Rem hadde tolka tilhøvet mellom Bjørneboe og antroposofien feil, og heller ikkje hadde sett samanhengen mellom individualisme og samfunnsengasjement hjå Bjørneboe.

Skagen markerte seg tidleg som talsmann for Rudolf Steiner sin antroposofi, og skipa og redigerte tidsskriftet Arken saman med Peter Normann Waage i åra 1978–1989. Dette tidsskriftet var ikkje berre eit forum for antroposofiske idear, men òg eit ålment kulturtidsskrift som fekk eit relativt vidt nedslagsfelt. Antroposofien gjer seg òg gjeldande i hans skjønnlitterære forfattarskap på ymse vis, også med omsyn til det konfliktfylte, særleg i romanane Barføtt gjennom Europa frå 1978 og Hodeskallestedet frå 1995.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Skagen fekk Riksmålsforbundets litteraturpris i 1991 for essaysamlinga Natt til dommedag.

Bøker av Kaj Skagen[endre | endre wikiteksten]

  • Gatedikt. (Dikt, 1971)
  • Vi som arver maskinene. (Dikt, 1972)
  • Mellom partikontoret og supermarkedet. (Essay, 1973)
  • En lykkejegers bekjennelser. (1975)
  • En elv under gaten. (Roman, 1976)
  • Dikt. (Dikt, 1977)
  • Barføtt gjennom Europa. (Roman, 1978. Billigutgåve 1979)
  • Notater om virkeligheten. (Essay, 1980)
  • Broene brenner. (Roman, 1982)
  • Bazarovs barn : Grunner og avgrunner i norsk litteratur. (Sakprosa, 1983. Fakkelbok 1984)
  • Jens Bjørneboe om seg selv. (Sakprosa, 1984)
  • Retten som ingen kunne målbinde. En forsvarstale for Arne Treholt. (Sakprosa, 1985. Ny utgåve 2011)
  • Fremmed følge. (Dikt, 1987)
  • Himmelen vet ingenting. (Roman, 1988)
  • Natt til dommedag. (Essay, 1991)
  • Hodeskallestedet. (Roman, 1994. Billigutgåve 1995)
  • Metafysikk eller selvmord : Et essay om Jens Bjørneboe og antroposofien. (Sakprosa, 1996)
  • Ørkentaler. (Essay, 1998)
  • Livets tre : Legender. (2002)
  • Den nødvendige utopi : Antroposofiske essays. (Essay, 2009)
  • Sarosperiodene. (Dikt, 2009)
  • Morgen ved midnatt. Den unge Rudolf Steiners liv og samtid, verk og horisont (2015)
  • Norge, vårt Norge : Et lands biografi (2018)
  • Gralssøkeren : Rudolf Steiners idémessige utvikling 1895-1902. (2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]