Kakaomøll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kakaomøll


Ephestia.elutella.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Klasse: Insecta
Orden: Lepidoptera
Overfamilie: Pyraloidea
Familie: Pyralidae
Tribus: Phycitini
Vitskapleg namn
Ephestia elutella

Kakaomøll er ein sommarfuglart i familien pyralidar (Pyralidae). Han er liten og gråbrun og lever av tørre planteprodukt, som kakaobønner, tobakk, korn og tørka frukt og nøtter. Kakaomøll er utbreidd over store delar av verda og held gjerne til i sjokoladefabrikkar, bakeri, kornlager og liknande.

Larvar av kakaomøll.

Kakaomøll er eit vanleg skadedyr. Han kan importerast til nordlege område frå sørlege og kan bli talrik i oppvarma lagerrom.

Møllen har eit vingespenn på 14–20 mm. Larvane er 12-14 mm store og kvitgule til lysebrune. Dei utviklar seg i plantemateriale som dei spinn saman med trådar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kakaomøll

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • kakaomøll (28.02.2013) i Store norske leksikon.
  • Denne artikkelen bygger på «Ephestia elutella» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2013.
  • Grabe, Albert (1942): Eigenartige Geschmacksrichtungen bei Kleinschmetterlingsraupen ["Strange tastes among micromoth caterpillars"]. Zeitschrift des Wiener Entomologen-Vereins 27: 105-109 [in German]. PDF fulltext
  • Savela, Markku (2009): Markku Savela's Lepidoptera and some other life forms – Ephestia elutella. Version of 2009-APR-25. Retrieved 2010-APR-10.