Kake
Kake er ein form for mat som vanlegvis er søt og ofte bakt. Kaker kombinerer normalt ein form for mjøl, eit søtingsstoff (vanlegvis sukker), et bindestoff (egg, sjølv om gluten eller anna stivelse blir brukt av personar som er vegetarianar og veganar), eit feittstoff (vanlegvis smør eller margarin), væske (mjølk, vatn eller fruktjus), smakstoff og noko til å heve baksten (som gjær eller bakepulver), sjølv om mange kaker manglar desse ingrediensane og baserer seg på at luftboblar i deigen skal utvida seg og få kaka til å heve. Marsipan eller krem blir ofte lagt på utanpå kaka, saman med andre søtsaker (som sjokolade) eller frukt som pynt.
Kake er som oftast den desserten som blir brukt i seremoniar, spesielt bryllaup og bursdagar. Det fins millionar av kakeoppskriftar, og mange er hundrevis av år gamle. Å lage kaker er ikkje veldig tidkrevjande lenger, og ein får kjøpt ferdiglaga kaker som berre treng å tilsette visse ingrediensar.