Kakebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kakebu er militær sjargong for vaktarrest, ein straff som vert nytta i det militære overfor meinige og underoffiserar som har brote militære disiplinærreglar, og som går ut på innesperring i eit arrestlokale ei begrensa tid. Opphavleg var kosthaldet i arresten vatn og brød. «Kake» har i eldre og dialektisk språk tydinga «brød», til dømes «kak’skiv’» i trøndersk – difor dette namnet på både straffen og arrestlokalet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]