Kakemono

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kakemono

Kakemono (掛物, «som heng») eller kakejiku (掛軸, «opphengd rull») er japanske nemningar for ein biletrull i høgdeformat med måleri eller kalligrafi på. Han er oftast laga av silkestoff eller papir, og kan enkelt rullast saman, til dømes for lagring.

I motsetnad til makimonoar, som vert rulla ut på ei flat overflate, er kakemonoar laga for å verte hengde opp på ein vegg, som ein del av interiøret i eit rom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]