Kakiplomme
| Kakiplomme | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Ericales | |
| Familie: | Ebenaceae | |
| Slekt: | Diospyros | |
| Art: | Diospyros kaki | |
| Vitskapleg namn | ||
| Diospyros kaki | ||
Kaki, kakifrukt eller kakiplomme er gule eller raude bær som kan minna om tomatar. Dei er også kjende under namna persimon og den særskilde typen sharon.
Kakitreet kjem frå Aust-Asia og høyrer til ibenholtfamilien, og frukta har vore mykje dyrka i Kina, Korea og Japan. Det blir også dyrka i California, middelhavslanda og i høgareligande tropiske område.
Kakiplommer inneheld opptil 20 % sukker, mykje A-vitamin, noko kalium og C-vitamin.
Kakifrukt blir ofte hausta umogen, og inneheld då mykje garvesyre som gjev ein beisk smak. Ho kan mognast i romtemperatur, og går då frå å vera gule og sure til å vera raude og søte. Fruktkjøtet er saftig og kan minna om gelé. Kakifrukt held seg ikkje så lenge, og blir ofte tørka.
Sharon-typen inneheld ikkje garvesyre, og kan dermed etast utan ettermogning. Denne frukta blei utvikla i Israel og har namn etter Sharon i Israel.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «kaki – bær»
- «Sharon» ved frukt.no
Bakgrunnsstoff [endre]
- PERSIMMON ved crfg.org