Kakuro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kakuro (eller Cross Sums på engelsk) er eit slags talkryssord der ein skal plassere siffer inne i eit rutemønster. Det er opphavleg ei amerikansk oppfinning frå 1960-talet, men på 1980-talet tok det av i Japan, der det no deler plassen som det mest populære talspelet med sudoku.
Namnet [endre]
Namnet kakuro er ei samantrekking av det japanske ordet for «å leggja saman» (kasan) og den japanske stavemåten av det engelske ordet «cross» (kurosu).