Kalaslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kala)
Kalaslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Myrkonglefamilien Araceae
Slekt: Kalaslekta Zantedeschia
Spreng., 1826

Kalaslekta (Zantedeschia) er ei planteslekt i myrkonglefamilien som høyrer heime i det sørlege Afrika, frå Sør-Afrika og nord til Malawi. Det er åtte godkjende artar i slekta,[1] og dei vert 1–2,5 m høge. Blada på kalaene er pilforma, og kan verte mellom 15 og 45 cm lange. Blomstrane er grøngule og omgjevne av eit stort trompetforma hylsterblad. Stovekalaen (Z. aethiopica) vert dyrka som potteplante.

Kala-artane er giftige fordi dei inneheld kaliumoksalat. «Alle delar av planta er giftige, og gjev irritasjon eller opphovning av munn og svelg, og plutseleg kvalme og diaré.»[2] Likevel vert blada nokre gonger kokte og etne, ettersom varmebehandling skal øydeleggja giftstoffa.[3]

Planter av denne slekta har vorte brukt i mange måleri, mellom anna i mange av kunstverka til Diego Rivera.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «African flowering plants database» frå Conservatoire et Jardin Botaniques Ville de Genève.
  2. «All parts of the plant are toxic, and produce irritation and swelling of the mouth and throat, acute vomiting and diarrhea.» – «Arum or calla lily (Zantedeschia aethiopica ) Arkivert 2012-07-29 ved Archive.is av Jackie Miles hjå South Coast Weeds / Eurobodalla Shire Council.
  3. «Zantedeschia aethiopica Arum Lily, Calla lily, White Calla Lily PFAF Plant Database», pfaf.org, henta 3. april 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kalaslekta