Kalamitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Thou art wedded to Calamitie.

William Shakespeare
Romeo & Juliet, iii. iii. 3

Ein kalamitet (av latin calamitas, ‘skade’, ‘uhell’, via fransk calamité) er eit fatalt eller pinleg uhell. På norsk og dansk har ordet konnotasjon av ei hending som vekker forarging eller skamkjensle. Det tilsvarande ordet på engelsk, calamity, har ei meir alvorleg tyding, og blir ofte brukt om ein katastrofe eller følgjene av han. Den store hungersnauda i Irland er til dømes også kjend som «The Great Calamity».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]