Kaldvågfjorden

Koordinatar: 68°02′15″N 15°31′50″E / 68.03750°N 15.53056°E / 68.03750; 15.53056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°02′15″N 15°31′50″E / 68.03750°N 15.53056°E / 68.03750; 15.53056

Utsikt mot aust. Innløpet midt på høgre kant.
Foto: TorbjørnS

Kaldvågfjorden er ein fjordarm av Sagfjorden i Hamarøy kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom Hamarøya og Finnøya og strekkjer seg 16 km austover til Kaldvågstraumen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Nes i vest og Finnøya i aust. Nordover frå innløpet går Lilandspollen nord til Hamsund. Lengst vest i fjorden ligg grenda Kaldvåg, som har gjeve namn til fjorden. På andre sida av sundet Kaldvågstraumen ligg Innhavet.

Riksveg 81 går langs dei vestlege delane av fjorden.