Kalesje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Cadillac Eldorado med kalesja oppe.

Ei kalesje (av tysk Kalesche frå tsjekkisk kolesa) er eit tak som kan slåast opp og klappast saman på eit ope køyretøy. Kalesja er ofte laga av stoff, lêr eller vinyl, og festa på spilar i eit skjenesystem. Ho kan vere driven av elektriske eller elektrohydrauliske mekanismar, eller manuell.

Kalesjer vert til dømes brukt på bilar av kabriolettypen, hestevogner, barnevogner og båtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]