Kalifat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Historisk kart over utbreiinga til kalifatet i år 750.

Kalifat er eit rike styrt av ein kalif, eller muslimsk leiar. Det har ei viktig tyding i historia til islam, og er blitt rekna som den ideelle styreforma for den muslimske verda. Styreforma tok til i den muslimske verda frå profeten Muhammed døydde i 632 og fanst offisielt fram til 1924, då det osmanske kalifatet blei avskaffa av Atatürk. «Kalif» hadde allereie då vore ein symbolsk tittel i lang tid, i stor grad erstatta av emirar og sultanar.

Dei fire kalifata[endre | endre wikiteksten]

Dei fire viktigaste kalifata i historia er:

  • Dei fire første kalifane (632-661) , innan sunniislam kalla rashidun, dei 'rettleidde' eller 'rettvise' kalifane, viser til dei fire første leiarane av det muslimske samfunnet - Abu Bakr, Omar, Othman og Ali. I denne perioden erobra arabarane store område, og la grunnlaget for det arabiske riket. Då Muhammed døydde i 632 hadde han ingen søner som kunne verte etterfølgjaren hans, kalif. Den første kalifen vart hans nære ven og svigerfar Abu Bakr som døydde etter to år. Neste kalif var ein annan av Muhammed sine svigerfedre, Umar ibn al-Khattab, som vart drepen av ein slave i 644. Den tredje kalifen var ein av Muhammed sine svigersøner, Uthman ibn Affan, som vart drepen av egyptarar i 656. Etter den tredje kalifen Uthman ibn Affan døyded i 656 vart det usemje om etterfølgjar og muslimane vart splitta i fleire flokkar, dei største er sunni- og sjiamuslimar. Ali ibn Abi Talib vart den fjerde kalifen og den første som hadde blodsband til profeten. Ali sine tilhengjarar såg på han for å vere utvald av Muhammed, og første rettmessige etterkomar. Kharijiteane gjorde opprør som enda med at Ali vart drepen i eit attentat.
    Den femte kalifen, Muawiyya ibn Abi Sufyan, heldt til i Syria, og då han døydde våren 680, tok son hans Yazid bin Muawiya over. Ali sin son og barnebarn av profeten, Hussein ibn Ali, hadde fått klare signal om støtte frå muslimar i Mesopotamia og aksepterte ikkje utnemninga. Han heldt til i Medina og la ut på reise til Mesopotamia saman med 72 våpenføre menn og familiane deira. På slettene utanfor byen Karbala møtte dei styrkane til Yazid; 10. oktober 680 stod slaget ved Karbala der imam Hussein og følgje hans vart drepe. Denne dagen er ein viktig heilagdag for sjiamuslimene, asjura.
  • Omajadekalifatet (661-750). Etter martyrdommen til Ali flytta kalifatet til Damaskus i dagens Syria. Kalifane i Damaskus forfølgde sjiaene som ikkje aksepterte styret deira. Etter at Umayyad-klanen var drive bort frå Syria klarte dei å ta makta i dei vestlege delane av imperiet, og etablerte emiratet og etter kvart kalifatet Al-Andalucia i Córdoba som dei heldt til 1031.
  • Abbasidekalifatet (750-1258). Sjiaene vinn makta i 750 og flytter kalifatet austover til Bagdad. Dette var ein periode med stor velstand i hoffet til kalifen, og avstanden mellom dei styrande og folket vart større. Etter kvart mista kalifen politisk makt, og etter 946 hadde sultanen den verdslege makta. I 1258 vart den siste abbasid-kalifen drepen av mongolane.
  • Det osmanske kalifatet (1517-1924) Etter som tida gjekk mista kalifen meir og meir av makta si i den islamske verda. Det osmanske kalifatet vart til slutt rekna som det primære kalifatet, og ved slutten av den første verdskrigen representerte det den største og mest kraftfulle sjølvstendige muslimske politiske eininga.

På byrjinga av 1900-talet kravde osmanske sultanar kalif-tittelen, men etter nedlegginga av sultanatet i 1922 heldt kalifatet fram i to år under den osmanske prinsen Abdul Mejid II før det til slutt vart avslutta i 1924.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kalifat» i Store norske leksikon, snl.no.