Kaliko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein bit umønstra kaliko som ein del av eit handlenett.

Kaliko (etter Calicut, no Kozhikode i India) eller kattun (frå arabisk qutun, 'bomull') er glatte og tette bomullsstoff vove i toskaftsbinding. Det vove stoffet er einsfarga, men kaliko er ofte påtrykt fleirfarga mønster. Kaliko kom opphavleg frå India, men framstillinga fekk på 1700- og 1800-talet ein valdsam oppsving i England og Frankrike.

Enkelte gonger vert kattun skilt frå kaliko som eit noko tyngre stoff. Chintz er ei form for kaliko med trykt eller måla mønster som deretter er glansa.

Indisk chintz laga for den vestlege marknaden først på 1700-talet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Bomullskjole frå 1770-talet med trykt, regelmessig blomemønster.

Den tidlegaste forma av kaliko er kjend frå den sørindiske hamnebyen Kozhikode på 1000-talet. På 1100-talet skildra Atsjarja Hematsjandra bomullsstoff pynta med lotusmønster. På 1400-talet kom kaliko frå vestindiske Gujarat til Egypt, og frå 1600-talet spreidde det seg til Europa. Her blei det særs populært og brukt til klede og innreiing. Lokale kledemakarar, særleg ullindustrien, reagerte mot dei billege tekstila frå utlandet, og det blei innført forbod mot innføring av mønstra bomullsstoff i Frankrike i 1686 og i Storbritannia i 1700. Kaliko utan mønster kunne derimot framleis importerast, og europeiske produsentar lærte seg snart teknikkane som skulle til for å pynta desse tekstila lik dei populære orientalske.[1] Fleire lovar mot sjølve bruken av mønstra bomullsstoff blei også innførte, men det blei stadig funne smutthòl. Til dømes utvikla tekstilfabrikkar i Lancashire stoff i bomull og lin. Slike stoff kunne gå for å vera fustian, som ikkje var forbode, men samstundes pyntast og brukast som kaliko. Kalikoforboda førte aldri til at folk gjekk tilbake til ullstoff, men derimot til teknologiske nyvinningar innan tekstilproduksjon og ein veksande europeisk bomullsindustri med senter i Manchester og Marseille.

Dekorasjon[endre | endre wikiteksten]

Kalikostoff blei vidkjende for sine fargesterke mønster som blei framstilte i India gjennom langvarige fargeprosessar. Ein brukte fargestoff som indigo og krapplakk, den siste kunne brukast til å farga både raudt og svart samstundes, noko som blei særs vanleg.

Dei indiske chintzstoffa var gjerne stormønstra med slyngande blomar og vekstar i éin eller fleire fargar. Denne stilen blei etterlikna i franske indienne-stoff. Ein eigen stil, toile de Jouy, har store landskap eller historiske figurar i éin farge. Mønstera på britisk kaliko blei etterkvart mykje mindre, tettare og meir regelmessige.

Kaliko kan pyntast ved måling eller gjennom trykking, anten med treblokker eller i trykkemaskinar ved hjelp av valser. Industriell kalikotrykking går føre seg ved hjelp av graverte koparvalsar med individuell fargetilføring, og ho vert gjord på ei fleirtrykkfargemaskin.

Omgrepet kaliko[endre | endre wikiteksten]

Kaliko har i nokre omgrep fått ei vidare tyding om eit raudt og svart mønster på lys bakgrunn. Kvite kattar med oransje og grå eller svarte flekkar og to krabbeartar med tilsvarande mønster er høvesvis kjende som kalikokattar og kalikokrabbar.

Ein elsk for kaliko førte til at sjørøvaren Calico Jack fekk tilnamnet sitt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaliko
  • Calico ved thedreamstress.com

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Espinasse 1874, s. 296-7