Kaljo Põllu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kaljo Põllu (28. november 193423. mars 2010) var ein estisk biletkunstnar, fødd på øya Hiiumaa (Dagö) i Estland. I åra 1956–62 studerte han glaskunst i Tallinn. Deretter var han i nokre viktige utviklingsår knytt til universitetet i Tartu, før han vende tilbake til Tallinn i 1975 som lærar ved kunstinstituttet, der han framleis arbeider.

Åra i Tartu var ei god tid, ikkje berre for kunstnaren sjølv, men også for estisk grafikk og for studentane. På den rastlause, nyfikne og forskande måten sin, dreiv Põllu med mange ting. Han prøvde seg som målar, gjennomlevde bølgjene av op-kunst og pop-kunst, illustrerte bøker, stod for utforminga av utstillingskatalogar, skapte ekslibrismerke osb. Og heller ikkje i grafikken vart han einsidig ståande ved dei første teknikkane han tok opp.

I 1970 kom det første bladet der Põllu hadde nytta den krevjande teknikken mezzotinto ut. Det er arbeidet Natt som er med i dette materialet. Frå 1972 av har han med denne teknikken kvart år laga eit «estisk landskap», og med dei byrja han å bruke mezzotinto meir og meir. Det ser ut til å vera den teknikken som best får fram intensjonane hans. Utnyttinga av innbyrdes nærstånde formgrep gir ei heilskapskjensle som bind saman dei einskilde bileta og gjer at ein kan ana eit felles utgangspunkt. I løpet av dei tre åra 1973–76 fullførte Põllu serien Folket i kotene (Kodalased) med 25 blad i svartkvitt. Med Kalifolket (Kalivägi) kom ein dempa fargebruk i tillegg. Den serien vart starta i 1978 og hadde førsteutstilling i Tartu i 1981 med 30 blad. Ved årsskiftet 1983–84 vart det halde ei utstilling i Tallinn som omfatta 45 av dei planlagde 51 blada.

I estisk kultur slo det i slutten av 1960-åra gjennom ei sterk interesse for historie og tradisjon. Ein merkar denne interessa både i litteraturen og i musikken. Snart braut denne gjennom i biletkunsten også, med Põllu som den kanskje mest framståande representanten. Hjå han skulle ho visa seg som ei leiting etter røtene for det nasjonale særpreget til det estiske folket. Estarane er eit av dei finsk-ugriske folkeslaga som opphavleg stammar frå Sibir. Põllu gjekk i gang med å studera finsk-ugrisk og sibirsk etnografi – både ved hjelp av skriftleg materiale og gjennom beinveges observasjonar frå ekspedisjonar til fjerne strok av Sovjetunionen. I serien Folket i kotene har han prøvd å visa det som var felles for alle dei nordlege folkeslaga som budde i koter – dei runde telta med støttestong i midten (jf. Himmelkota og Himmelsøyla).

Kalifolket (eigentleg ‘det sterke, kraftige folket’) er på eit vis eit lengdesnitt gjennom historia. Serien tek til langt borte både i tid og rom (t.d. Byrjinga på vegen), men rører seg i retning av notida. Her er Põllu på leiting etter det som gav særpreg til dei austersjø-finske folkeslaga (estarar, livarar, finnar, karelarar, votar, vepsarar og ingermanlendingar). Han når også fram til det spesifikt estiske; til dømes har kvart av dei tolv historiske fylka i Estland fått sitt eige blad, t.d.: Innland og Øyland (eigentleg Alempois og Saare). Ei anna rekke innanfor serien er månadene med namn frå den gamle folkekalenderen, mellom anna Høymånad (juli), Skurdmånad (august) og Treskjemånad (oktober).

Ein kan seia at det i kunsten hans alltid har framstått ein skala av uttrykksmiddel der ytterpunkta på den eine sida har vore farge, rytme, line og heile komplekset av andre formmiddel – på andre sida det litterære innhaldet. Põllu glei heile tida i retning av den forteljande sida. Likevel gjekk han ikkje over det kritiske punktet, grensa til direkte litterær attforteljing. I motsetning til ein allmenn tendens i estisk grafikk, streva Põllu etter det ekstremt enkle og lakoniske. Arbeida hans har unekteleg eit skjer av rustikaliteten og konvensjonane i folkekunsten. På denne måten kan ein seia at Põllu var ein framifrå arvtakar etter Kristjan Raud (1865–1943) – den store klassikaren i estisk biletkunst.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Riina Kübarsepp (2005) Visuaalse rahvaluule kollektsionäär Kaljo Põllu [Kaljo Põllu, Collector of Visual Folklore], bind 29, s. 31–74 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. På estisk. Engelsk omsetjing på Directory of Open Access Resources.
  • Johannes Saar (2003). Kaljo Põllu. International Contemporary Art Network. Omsett av Liina Viires.
  • Art studio of Tartu State University and the “golden sixties” (2007).. Intervju med Põllu.
  • Anonym (1971) Kaljo Põllu – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jaan Kaplinski (1982) Barn av vind og vatn [Born from wind and water]. Grafikk: Kaljo Põllu, Tekst: Jaan Kaplinski – Stavanger.