Kalle Wiltersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalle Wiltersen er ein figur i den litterære verda som den britiske forfattaren J.K. Rowling har skapt om Harry Potter og skulegangen på Galtvort. Kalle (fødd 12. desember 1972) er den andre sonen til Molly og Arthur, og bror til Ronny, Gulla, Perry, Fred, Frank og Rulle.

Kalle gjekk på Galtvort frå 1984 til 1991, og slutta ved skolen året før Harry Potter byrja der. Han hadde vore prefekt, og han var ein veldig god speidar for Griffing sitt rumpeldunklag. Sjølv om Kalle ifølgje Oliver Quist var god nok til å spille på det engelske landslaget, valde han istaden å reise til Romania for å arbeide med drakar. Han overtok mellom anna draken Norbert etter at Gygrid ikkje fekk behalde han.

Etter den andre oppreisninga av Fyrst Voldemort, var Kalle si oppgåve for Føniksordenen å forsøke å samle saman magikarar som ville slåst mot Voldemort i utlandet.