Kalorimeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verdas første is-kalorimeter, nytta vinteren 1782-83, av Antoine Lavoisier og Pierre-Simon Laplace, for å avgjere varmen skapt av forskjellige kjemiske endringar.

Eit kalorimeter (frå Latin calor, som tyder varme) er eit apparat nytta innan kalorimetri eller varmemåling, der ein måler varmen skapt av kjemiske reaksjonar eller fysiske endringar, i tillegg til varmekapasitet. Eit enkelt kalorimeter består berre av eit termometer festa til ein metallboks fylt med vatn over eit forbrenningskammer.

For å finne entalpi-endringa per mol av eit stoff A i ein reaksjon mellom dei to stoffa A og B, vert stoffa lagt til eit kalorimeter og temperaturen vert målt før og etter reaksjonen. Ved å multiplisere temperaturendringa med massen og dei spesifikke varmekapasitetane til stoffa, får ein ein verdi for energien som er gått tapt eller er absorbert under reaksjonen. Ved å dele energien på kor mange mol av stoffet A som var med i reaksjonen får ein entalpiendringa til reaksjonen. Denne metoden vert hovudsakleg nytta innan akademisk læring, sidan han skildrar kalorimetriteorien. Han tar ikkje omsyn til varmetap gjennom boksen eller varmekapasiteten til termometer og sjølve boksen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kalorimeter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]