Kalsedon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kalsedon
Chalcedony geode.JPG
Ein slipt kalsedon-geode
Generelt
Kategori Oksidmienral
Kjemisk formel Silika (silisumdioksid, SiO2)
Identifikasjon
Molekylvekt 60 g / mol
Farge Forskjellige
Krystallsystem Trigonal, monoklin
Kløyv Nei
Brot Ujamn, splintrete, muslig
Mohs hardleiksskala 6 - 7
Glans Voksaktig, glasaktig, matt, feittete, silkeaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomskinnelege
Spesifikk vekt 2.59 - 2.61
Kjelder [1]

Kalsedon er ein særs finkorna (mikro- til kryptokrystallinsk) varietet av kvarts med fibrig tekstur. Mineralet har voksaktig glans og vanlegvis gråleg farge, men det finst fleire fargetypar som blir brukt som edelsteinar, mellom anna karneol og sarder som er raudlege, krysopras og plasma som er grøne og heliotrop (blodstein) som er grøn med blodraude flekker. Agat er eit banda variant av kalsedon, likeeins onyks og sardonyks, som har parallelle band (brukast til kaméar). Jaspis, flint, chert og prasem er nærskyld med kalsedon, men er meir urein og har korna tekstur. Kalsedon-mineral opptrer særleg i holrom i sedimentære bergartar og i lavaer.

Kniv laga i kalsedon omkr. år 1000

Mineralet er oppkalla etter byen Chalcedon i Tyrkia.

I Noreg er det mellom anna kjent frå kalkstein i området BrevikPorsgrunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Oftedal (1960): Steiner i farger
  • Kalsedon. (2013, 26. februar). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kalsedon.
  1. Rudolf Duda and Lubos Rejl: Minerals of the World (Arch Cape Press, 1990)