Kaluga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaluga
Калуга
Kaluga.JPG
Flagget til Kaluga Byvåpenet til Kaluga
Flagget til Kaluga Byvåpenet til Kaluga


Plassering
Kaluga is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaluga oblast
Første gong nemnd
Bystatus
1371
1371
Borgarmeister Nikolaj Ljubimov
Geografi
Flatevidd
 - By

125,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

327 500
  2 609,6 /km²
Koordinatar 54°36′0″N 36°36′0″EKoordinatar: 54°36′0″N 36°36′0″E
Høgd over havet 190 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 2480xx
Retningsnummer (tlf) (+7)4842
Nettstad: www.kaluga-gov.ru

Kaluga (russisk Калу́га) er ein by og administrativt senter i Kaluga oblast i Russland. Han ligg ved elva Oka, rundt 170 km sørvest for Moskva. Byen har om lag 325 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kaluga vart grunnlagd på midten av 1300-talet som ei grensefestning ved den sørvestlege grensa til Storfyrstedømet Moskva. Han vart første gong nemnd i historiske dokument i 1371. I mellomalderen var Kaluga ein mindre busetnad eigd av Vorotynskij-fyrstane, som hadde familiegods sørvest for dagens by. På 1700-talet voks busetnaden til ein handels- og administrasjonsby. Under Napoleonskrigane i 1812 var Kaluga hovudkvarter for general Mikhail Kutuzov.

Under den andre verdskrigen vart Kaluga okkupert av tyske styrkar frå oktober 1941, men vart gjenerobra av den raude armeen alt i desember 1941.

Romfartsmuseet i Kaluga

Kaluga er kjend for sin mest kjende innbyggjarar, Konstantin Tsiolkovskij, ein pioner innan rakettforsking, som vert rekna som den russiske romfarten sin far. Han byrja karrieren sin som skulelærar i Kaluga. Tsiolkovskij grunnla i 1892 eit institutt for fysikk i Kaluga. Den tidlegare bustaden hans er i dag eit russisk romfartsmuseum, tileigna hans teoretiske prestasjonar og deira praktiske bruk innan moderne romforsking.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Kaluga har i de seinare åra vorte eit av sentra for bilindustrien i Russland, etter at fleire utanlandske produsentar har bygt fabrikkar i området.

I mai 2007 kunngjorde Volkswagen at dei ville bygge ein bilfabrikk i Kaluga, som stod ferdig i 2009. Investeringa var på over 370 millionar Euro. Fabrikken starta produksjon av Skoda Octavia i 2008 og i 2009 produksjon av VW-modellane Passat, Touareg og Polo. Fabrikken er planlagt for ein produksjon på 115 000 biler pr år.[1]

15. oktober 2007 starta Volvo bygginga av ein ny lastebilfabrikk, som stod ferdig tidleg i 2009. Fabrikken har ein kapasitet på 10 000 Volvo- og 5 000 Renault-lastebilar.[2]

12. desember 2007 kunngjorde PSA Peugeot Citroën at dei ønskjer å bygge ein ny bilfabrikk i Kaluga, som vart ferdigstilt i 2009. Fabrikken er bygt for produksjon av mellomstore biler.[3]

28. desember 2007 kunngjorde Mitsubishi Motors at de hadde ønskte om å bygge ein fabrikk i Kaluga med ein årleg produksjonskapasitet på 50 000 bilar.[4]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Kaluga er knytt til Moskva via jernbane og den historiske «Kalugavegen», som i dag er hovudvegen E105. Kaluga Grabtsevo lufthamn ligg 6 km nordaust for sentrum av byen.

Kjende personar frå Kaluga[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaluga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Volkswagen errichtet Fertigungswerk im russischen Kaluga Finanznachrichten.de, 26. mai 2006
  2. New Volvo Group assembly plant in Kaluga, Volvo Group corporate news, 15. oktober 2007
  3. PSA Peugeot Citroën to Build Plant in Kaluga, Russland, PSA Peugeot Citroën press release, 12. desember 2007
  4. Mitsubishi signs contract to build plant in Kaluga, RIA Novosti, 28. desember 2007