Kalv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kalv (av norrønt kalfr) er eit namn for avkom hjå storfe og visse andre jortarar. Ein kalv kjem til verda ved kalving. Ein storfekalv blir rekna med som kvige eller ungdyr når han er over eitt år.

Til dyr som får kalvar reknar me storfe, reinsdyr, elg, hjort, dådyr og rådyr.

Kalv i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Calf-roping.

Kalveskinn er fint, mjukt lêr frå kalv. Det har vore mykje brukt til pergament og klede.

Kalvedans er ein tradisjonell pudding laga av råmjølk som kua produserer like etter ei kalving.

Calf-roping er ei form for rodeo der ein skal fanga ein kalv frå hesteryggen.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Brukt om folk kan ordet «kalv» visa til nokon som på eit eller anna vis minner om ein kalv. Ein kan til dømes kalla unge og urøynde «kalvar» eller «gutkalvar». Å vera «ein kalv til å gjera noko» tyder at ein er er klønete eller keivete til det. Å snakke med «kalvskit på tunga» er eit munnhell for det å knote bymål. Om nokon er kalvbeint peiker leggane deira utover frå knea.

Brukt om ting viser «kalv» ofte til ein stor og ein liten ting. Fleire småøyar som ligg ved sida av ei større er blitt kalla «Kalv» (som britiske Calf of Eday, Calf of Flotta) eller Kalvøy. I Nord-Amerika er «cow-calf» eit omgrep brukt om eit lokomotivsett der eitt lokomotiv har førarvogn og det andre ikkje.

Religion[endre | endre wikiteksten]

I jødedommen og avleidde religionar var Gullkalven eit gudebilde tilbedd av israelittane under utgangen frå Egypt. I kristendommen er gjøkalven som blir slakta for den attkomne sonen ei kjend likning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kalv