Kalvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kalvåg
Hamna i Kalvåg  Foto:Hans Petter Farstad
Hamna i Kalvåg
Foto:Hans Petter Farstad
Geografi
Kommune Bremanger
Fylke Sogn og Fjordane
Folkemengd[1] 352 (2012)
Folketettleik 858,5 /km²
Areal[1] 0,41 km²
Annan informasjon


Postnummer 6729 KALVÅG
Preposisjon i Kalvåg
Kart
Kalvåg is located in Sogn og Fjordane
61°46′7″N 4°52′30″EKoordinatar: 61°46′7″N 4°52′30″E

Kalvåg er ein tettstad i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane fylke. Bygda ligg ytst i havgapet på søraustsida av øya Frøya ved munningen av Frøysjøen. Fram til 1964 var Kalvåg kommunesenter i Bremanger kommune. Det bur om lag 350 innbyggjarar i Kalvåg og 570 på heile Frøya. I dag har Kalvåg eit eineståande og gammalt sjøhusmiljø som går for å vere det største og best bevarte sjøhusmiljøet i fylket. Mange av dei gamle sjøhusa er restaurerte for overnatting. Hamna er god, med store offentlege kaianlegg og gjestehamn med flytebrygger utanfor Knutholmen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1860-talet var Kalvåg kanskje det største fiskeværet på kysten, med eit folketal på oppimot 11 000 menneske under fiskesesongen. I 1871 var det 52 salteri i Kalvåg og bygda hadde losjihus, forretningar, handelsverksemd, sjukehus, lege, bedehus, kyrkje, lensmannsgard og skulehus. Fiskeri har vore hovudnæringa i Kalvåg, og på 1980-talet etablerte Domstein AS seg på Kalvøyna og er no den nest største private arbeidsgjevaren i kommunen. I 1921 vart det utarbeidd eit reguleringskart for Kalvåg og dette vart utgangspunktet for ein estetisk plan som ein del av Kalvågprosjektet. L/L Kalvåg Vassverk vart etablert av Kalvåg byggekommune i 1944.

Nyare hendinger i Kalvåg[endre | endre wikiteksten]

I 2005 heldt Forbundet Kysten sitt landstemne i Kalvåg. 600 båtar og 10 000 besøkande vitja bygda. Kalvåg har og vore gjestehamn for nokre av seilskutene i Tall Ship Race førre gong dei vitja kysten av Sogn og Fjordane. Kvart år vert det arrangert Kystkulturfestival i Kalvåg og Sommerakademiet er og ein kulturtradisjon i Kalvåg.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen ved Kalvåg består av Kalvåg-mélangen, ein masse av samanrota steinblokker. Dette er eit slags enormt konglomerat eller ein breksje med opptil kilometer store blokker i ein finkorna, deformert grunnmasse. Ein finn liknande berggrunn i Trøndelag, England, Irland og Newfoundland. Alle desse områda ligg nær grensa mellom dei to jordplatene som støtte saman og danna den kaledonske fjellkjeda for omkring 425 millionar år sidan.

Kjende personar frå Kalvåg[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Kalvåg
År Innbyggjarar
1890
  
117
1900
  
149
1910
  
189
1920
  
197
1930
  
214
1946
  
250
1950
  
260
1960
  
391
1970
  
439
1980
  
417
1990
  
341
2000
  
335
2009
  
351
2012
  
352
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne Sogn og Fjordaneartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.