Kalv Arnesson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Kong Magnus og Kalv Arnesson på Stiklestad» Illustrasjon av Halfdan Egedius til Magnus den godes saga i 1899-utgåva av Heimskringla.

Kalv Arnesson (Kálfr Árnason) (fødd rundt 990, død 1051) var ein norsk høvding (lendmann) i kristningstida med eigedomar i Trøndelag og sete på Egge. Han var ein av Arnessønene, son av Arne Armodsson og Tora, dotter hans Torstein Galge, bror til m.a. Finn ArnessonAustrått, Torberg ArnessonGiske og Ragnhild som vart gift med Hårek på Tjøtta. Han vart sjølv gift med Sigrid Toresdotter, enkja etter Olve på Egge og syster av Tore Hund.

Kalv og brørne var mellom dei fremste mennene til Olav Haraldsson, men Kalv søkte etter kvart å halda seg meir sjølvstendig enn brørne, utan nokon gong å bryta med kongen, sjølv ikkje då kongen drap styvsonene Tore og Grjotgard Olvessøner på Hedemarken i 1028 etter at Tore hadde fått ein avær gullring av Knut den mektige. Kalv og dei andre Arnessønene var med kongen i slaget ved Bokn 21. desember 1028 mot mågen deira, Erling Skjalgsson, som fall der, og då Håkon jarl kom dei i møte på Sunnmøre og Olav flydde over fjellet midtvinters, låg Kalv att på fjorden og hefta jarlen. Etter at kongen hadde flydd frå landet, gjekk Kalv i tenesta til Håkon jarl mot å få styringa over heile indre Trondheimen. Så reiste han til England og la opp råder med kong Knut om å setje seg opp mot kong Olav og ta over jarledømet frå Håkon.

Saman med mågen Tore Hund leidde han hæren som gjekk mot kong Olav i 1030, og han kan ha vore ein av dei som gav kongen banesår, sjølv om han nekta for dette i ettertid. Snorre fortel at det er tvil om det var Kalv eller fetteren, som òg heitte Kalv, som gav kongen det tredje såret. Etter slaget fann han tre av brørne sine, som hadde kjempa i kongshæren, såra og fekk dei med til Egge. Finn var harm på bror sin og vart ikkje liggjande lenge, og Torberg drog med han, men Arne trong pleie i lang tid før han var frisk att.

Kong Knut sette sonen Svein Alfivason til konge over Noreg, og då meinte Kalv han ikkje fekk det han var lova. Då motstanden mot Svein og mora Alfiva voks, vart han ein av leiarane. Saman med Einar Tambarskjelve, som òg var lova jarledømet, fór han i 1034 aust i Gardarike og lokka 11 år gamle Magnus Olavsson heim til Noreg. På heimvegen fekk dei med seg dronning Astrid, enkja etter Olav Haraldsson, og ein stor hær frå Sverige. Svein flydde til Danmark etter at Magnus vart kåra til konge på Øyreting og han sjølv ikkje greidde å reise støtte blant bøndane i Sunnhordland.

Kalv var kongens nærmaste mann dei første åra, men forhaldet mellom Kalv og kongen surna etter kvart som det vart kviskra høgare om kva rolle Kalv hadde hatt på Stiklestad. Etter at kongen baud ein uviljug Kalv å visa han staden der far hans døydde, flydde han landet i hast alt same natta, og levde nokre år i viking i vesterveg.

Harald Hardråde var blitt einekonge, fekk broren Finn tinga fram eit forlik: Kalv skulle få liv og eigedomar i Noreg mot å gå i tenesta til kongen og lyde han i eitt og alt. Kalv så gjorde. Då kong Håkon sommaren etter tok ut leidang og herja i Danmark, sette han Kalv til å leia fortroppen ved ein landgang mot ein stor styrke på Fyn. Kongen lova å koma etter, men venta med å gå i land til striden var over og Kalv var fallen. Finn heldt kong Harald for skyldig og gjekk i tenesta til danskekongen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]